Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Fræna folkebibliotek > Bruk biblioteket

Biblioteket – ei verd av draum og fakta!

Ja, biblioteket er ei heil verd, du kan faktisk finne eit heilt univers av kunnskap på biblioteket.

Og du finn alle forteljingane, sanne og oppdikta, dei gamle og dei nye, dei som gir tankane noko å tygge på og venger til draumane.

Biblioteklogo

Biblioteket er meir enn bøker, meir enn utlån og innlevering. Men det også - sjølvsagt. Du finn lydbøker, filmar, cd-ar, språkkurs og dataspel som du kan låne med deg heim. Heilt gratis.

Biblioteket er også ein stad å være, for å sitje og lese, eller berre sjå ut i lufta, og her treff du andre som likar å vere på biblioteket. Biblioteket er sjølvsagt også staden for å gjere lekser og studere, kanskje til ein mastergrad, eller kanskje studerer du slekta di, eller skal du skrive ein artikkel til lokalavisa og veit ikkje heilt kvar du skal starte?

På biblioteket er det bibliotekarar, dei hjelper deg med å finne rett bok. Eller film, eller ein høveleg song eller eit dikt, til dømes til mor sin 70-årsdag. Det kan vere lurt å spørje om hjelp, for berre i vårt bibliotek er det meir enn 25 000 bøker og filmar. Kanskje treng du å bestille noko frå eit av dei andre 1000 biblioteka i Norge? Bibliotekaren kan ordne det.

 

Biblioteket er ditt. Bruk det!

 

Opningstider

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no