Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Surnadal folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Kan eg levere boka eg har lånt i Trondheim her? Ja, det kan du, vi kan fjerninnlevere dei fleste bøker, slik at dei blir registrert som innlevert hos eigarbiblioteket.

Kostar det noko å bestille på fjernlån? Nei, det er gratis.

Tek de imot gamle bøker, vi driv og ryddar? Ja, vi tek i mot gamle bøker. Men bøker vi ikkje tek inn i samlinga, legg vi ut for sal eller makulerer etter vurdering. Bøkene må vera reine og i god stand.

Stemmer det at vi kan bytte pocketbøker her? Tek de i mot gamle pocketbøker og? Ja, vi har ei byttehylle for pocketbøker, og vi tek i mot gamle som gåve til byttehylla eller legg det ut til sal.

Når har de ope? Opningstidane våre finn du her.

Kostar det noko å få lånekort? Nei, det er gratis å få lånekort første gang.

Kva gjer eg om eg har mista lånekortet? Det koster 25 kroner å få eit nytt kort til erstatning for mista kort. Ta med legitimasjon og henvend deg i skranken.

Koster det noko å låne? Det er gratis å låne. Men dersom lånefristen overskridast, må du betale purregebyr. For meir informasjon, sjå lånereglane.

Kan eg låne så mykje eg vil? Det er ingen begrensningar på kor mykje du kan låne om gangen.

Kor lang er lånetida? Lånetida for dei ulike mediatypane er forskjellig. Sjå lånereglane for fullstendig oversikt.

Kan eg levere bøker når biblioteket er stengt? Ja, på hovudbiblioteket kan du levere i ei luke ved døra. Bøkene tas inn om morgonen neste dag biblioteket er ope.

Har de lesesal og grupperom? Ja, vi har ein lesesal, og vi har bord fleire stader i lokalene våre kor det går an å lese og å ha gruppearbeid.

Er biblioteket tilgjengeleg for rullestolbrukarar? Ja, det er elektronisk døråpnar og heis ved inngangsdøra. Vi beklagar at det kan være litt trongt mellom hyllene enkelte stader. Ta kontakt med betjeninga, så hjelper vi til med å kome fram og eventuelt ta ned ting som kan stå høgt på hyllene. Vi har handikaptoalett.

Eg er fjernstudent og lurer på om biblioteket kan hjelpe meg med å skaffa litteratur eg treng til studiene? Ja, vi bestiller pensum- og støttelitteratur for studentar viss dette er tilgjengeleg i andre bibliotek i Noreg. Vær merksam på at lånetida kan vera kortare for fjernlån. Vi ber studentar ta kontakt med biblioteket på sitt studiested for informasjon om tenestane dei kan tilby sine studentar. Bibliotek på universitet og høgskular har til døme tilgang til databasar som folkebiblioteka ikkje har.

Har de kopimaskin for publikum? Ja, og prisliste får du i skranken.

Attesterar de kopiar? Ja, vi gjer det. Du må ha med originalar og legitimasjon.

Kan eg låne PC med internett hos dere? Ja, du kan reservere tid (inntil 30 min.) på våre publikums-PC-ar ved å koma hit eller ringe. Det er gratis å bruke PC, men utskrift kostar.

Har de trådlaust nett? Ja, vi har trådlaust nett som du kan kobla deg til med bærbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Ta kontakt med skranken for å få brukernavn og passord, tilbodet er gratis. Det er også tilgjengelege stikkontaktar ved behov for lading på lesesalen og andre stader i biblioteket.

Er det lov å spise og drikke i biblioteket? Ja, men vis hensyn til andre brukarar, unngå søl og rydd opp etter deg. Det er ikkje tillatt å spise/drikke ved PC-ane.

Har de toalett/stellerom? Ja, det er publikumstoalett både på 1. og 2. etg. og i underetasjen, og handikaptoalett i alle etasjar. Stellerom finn du i 1. etasje.