Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Aukra Folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Kostar det noko å få lånekort? Nei, det er gratis å få lånekort

Kostar det noko å låne? Det er gratis å låne

Kan eg låne så mykje eg vil? Det er inga grense for kor mykje du kan låne om gongen

Kan eg levere bøker når biblioteket er stengt? Ja, du kan levere i ei kasse som står utanfor døra vår

Har biblioteket lesesal og grupperom? Ja, vi har ein liten lesesal

Er biblioteket tilgjengeleg for rullestolbrukarar? Ja

Eg er fjernstudent og lurer på om biblioteket kan hjelpe meg med å skaffe litteratur eg treng i samband med studiar? Ja, vi bestiller pensum- og støttelitteratur for studentar, så lenge dette er tilgjengelig i andre bibliotek i Noreg. Les meir om fjernlån her. Vær merksam på at lånetidene kan vere korte. Vi oppfordrar studentar til å ta kontakt med biblioteket på studiestaden sin for informasjon om tenester dei kan tilby studentane sine. Biblioteka på universitet og høgskolar har til dømes tilgang til databasar som folkebiblioteka ikkje har

Har dere kopimaskin for publikum? Ja, vi har ein enkel kopimaskin (ikkje fargar)

Attesterar de kopier? Nei, dei bibliotektilsette har ikkje løyve til å attestere kopiar

Kan eg låne PC med internett på biblioteket? Ja, vi har 3 publikums-pcar med internett.

Har de trådlaust nett? Ja, vi har trådlaust nett. Ta kontakt med skranken for å få brukarnamn og passord, tilbodet er gratis.

 

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no