Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Aukra Folkebibliotek > Opplevingar > Spel > Gaming for gamlingar

Gaming for gamlingar

Spel er ikkje berre for barn og ungdom - det er like mykje ein aktivitet for dei som er godt vaksne!

Å spele konsollspel er positivt og engasjerande både fysisk og mentalt. Ei amerikansk studie viser at passive eldre har dobbelt så stor risiko for å utvikle Alzheimer som dei som er fysisk aktive. Oppvask og reingjering er nemnt som eksempel på aktivitetar som kan forhindre framveksten av demens. Men dataspel er da ein atskillig meir oppmuntrande aktivitet!

Seniorgamer er ei nasjonal satsing for å gje tilbod til seniorar i bibliotek basert på dataspel og moderne teknologiar. Her hos oss er vi ikkje heilt igang med speltilbodet enno, men det er eit tilbod som er under utvikling.

Sjå nyheitsinnslag om seniorgame frå NRK Østafjells mens du ventar på eit tilsvarande tilbod her i kommunen.

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no