Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Bok-cover: Skilpadder hele veien ned

Aza Holmes lid av OCD, Obsessive-Compulsive Disorder, og kjent som tvangslidingar. Ho har rett og slett sjukeleg angst for bakteriar, og driv med sjølvskading i liten skala, i tillegg til at ho er 16 år, med alt det drar med seg av problemar. Ho har ei bestevenninne, ei mor som bryr seg, ein terapeut som gjer sitt beste og ein gamal bil ho har arva etter far sin som døydde då ho var 8 år, han heiter Harold, bilen altså.

Dette er ei kjærleiksbok og ei forteljing om vennskap, om angst, og om det å være 16. Når alt det viktige er livsviktig og alle som ikkje forstår er mindre intelligente, spesielt dei vaksne. Det er ei veldig fin bok, skreve for ungdom, men absolutt lesverdig for vaksne og. Ei historie som blir hos deg lenge etter at du er ferdig med siste kapittel.

Forfattaren har skreve fleire ungdomsbøker før og har solgt enormt bra. Han har lagt mykje av seg sjølv i boka og fortel om OCD frå eit sjølvopplevd perspektiv. Når han beskriv korleis tankane spinn rundt i negative spiralar når angsten kjem, er det så ein kan kjenne han komme krypande. Språket er levande, karakterane gjenkjennelege og ekte og boka går rett til hjarterota.

Del på facebook
Jacob Grey:

Kråkene

Bok-cover: Kråkene

Kra bur i eit reir, i eit tre, i ein park, i byen Blackstone. Han bur saman med tre kråker, men sjølv er han ein gut på om lag 12 år. Han har budd i treet nesten så lenge han kan hugse men synest ikkje det er spesielt rart, det er berre slik det er. Han kan prate med kråkene og, og slik har det alltid og vore.
 
Ein dag Kra og kråkevenene hans driv rundt i byen på jakt etter mat møter dei på ein eldre gut, som kan prate med duer. Det er merkeleg, for duer kan da ikkje snakke? Det viser seg snart at det er meir merkeleg i Blackstone enn Kra nokonsinne har hatt mistanke om, det er fleire som kan snakke med dyr, mange fleire, dei kallas dyremanarar og det er slett ikkje alle som har gode hensikter.
 
Kra lærer at det for åtte år siden var ei bølge av kriminalitet og råskap i Blackstone, ei maktkamp mellom dyremanarar, den mørke sommaren. Den sommaren drap Spinnemannen foreldra til Kra før han sjølv blei overvunnen. Nå tydar ting på at han er tilbake for å fullføre sine vonde gjerningar.
 
"Kråkene" er fyste boka i ein trilogi om dyremanaren Kra. Den er godt skreven og intens spanande. Fantasy for ungdom frå ca 10 år og oppover.
 
 

Del på facebook
Anders Totland:

Nedteljing

Bok-cover: Nedteljing

Sterk og lettlesen bok for ungdom om nokre av farane ved å chatte med framande på nettet. Viggo er 15 år og jomfru, den einaste i gjengen som ikkje har "gjort det", trur han då. Han er håplaust forelska i ei jente i klassa, men ho ser ikkje hans veg. Alt verkar håplaust, heilt til han oppdagar ein app som let han prata med framande folk frå heile verda. Han kjem i kontakt med nokre søte jenter som er villige til å visa fram ting, og det er kjempespanande, heilt til det plutseleg går verkeleg gale... For kva skal ein gjere når nokon har gjort eit kompromitterande videoopptak av deg, fått tilgang til kontaktlista di og truar med å sende det til mor di, venene dine og jenta du likar betre enn alle andre?

Boka er ifølge forfattarens etterord basert på ei sann historie, som ikkje gjekk bra. Ta denne boka som ei åtvaring, ho kan sikkert fungere fint som eit utgangspunkt for samtalar om nettvett og utpressing mot ungdomsskuleelevar. I dagens verkeleghet er det naudsynt at vi vaksne er oppmerksame og vakne, alle unge er på verdsveven, og det må dei vere, men dei må og vite kva dei må passa seg for. Anders Totland har tidlegare skrive fleire aktuelle bøker for unge som tek opp alvorlege og vanskelege problemstillingar for dei unge, mellom anna om alvorleg sjukdom og død.

Godt språk, lett å lese og mykje å tenkje på.

Del på facebook
Asbjørn Rydland:

Fredlaus

Fredlaus, Drakeguten 5

Rydland har skrive ein fantasyserie i 5 band som starta med Drakeguten i 2010 og bleir avslutta med Fredlaus i 2015.

Fyrste bandet i seien heitte Drakeguten og fortel om 12-åringen Koll som drøymer om å bli soldat og vere med å vergje landsbyen Kervad mot overfall frå lovlause røvarar. Han lever i ei slags middelalder-verd og blir kjend med Eran, ein lovlaus røvar, som lærer han det viktigaste ved nærkamp: nemleg å overleve. Denne karen trenar Koll til å bli så snøgg og spretten at han kan vri seg undan det meste – og han lærer han å lye etter nordavinden. Koll finn ut at han har evna til å høyre kva Nordavinden seier, og han kan sende meldingar med vinden. Men Koll lærer også å slåss med både kniv og sverd og blir ein farleg slåsskjempe. Saman med Eran finn han ei gamal hole med ein daud drake og store rikdomar. Dette fører til gruvedrift og stor rikdom for landsbyen. Men etter kvart kjem det også andre som vil ha tak i rikdomen og Koll forstår at kampevnene hans kan bli vanskelege å styre, spesielt ettersom han er nokså hissig. Kva er rett og kva er gale, kven er ven og kven er eigentleg fiende og er det greitt å slåss slik at ein tek livet av folk? Koll finn ut at den fredlause Eran ikkje vil han noko godt, men Koll vil stadig slåss for landsbyen sin og fridom frå landevegsrøvarar. Serien fylgjer Kolls utvikling i kamp og strid for landsbyen Kervad, og for dei han er glad i der.

Femte bandet startar med at Koll, som har vorten lyst fredlaus av nye makthavarar i Kervad, bur hemmeleg i den næraste byen og prøvar å finne KVA som eigentleg skjer. Kven er den mystiske Araynys som opererer under fleire namn og somme tider opptrer som mann? Ein hemmeleg, mektig person samarbeider med dei mørkaste kreftene i byen og faktisk også med dei nye makthavarane i Kervad og der er kjeltringar som vil stele rikdomane i gruva til landsbyen. Her finst det både trollmenn og drakar, spesielle kraftige materialar som toler alt, og Koll får bruk for både dei magiske evnene sine og gode hjelparar i kampen for å vinne tilbake fridomen for Kervad. Boka toppar seg i ein dramatisk kamp mellom den fanga Koll, Araynys og ein nyklekt, vondskapsfull drake. Og han finn så smått ut koss han skal styre sinnet sitt når han blir provosert. Han har ein «drake» inni seg som eggjar han når folk er urimelege, men det er ikkje rett å drepe folk sjølv om dei provoserer. Og lovseiaren i Kervad gjer det heilt klårt at det ikkje er greitt å take lova i eigne hender. 

Bøkene er spennande og reiser mange etiske problem i den klassiske kampen mellom gode og vonde makter. Me fylgjer Koll gjennom fleire år og forlet han som ung mann med ein flott kjærast og ei reflektert haldning til rett og gale.

Del på facebook
Harlan Coben:

Beskytteren

Beskytteren

Harlan Coben er eit kjent namn innafor kriminal- og spenningslitteratur. Har har tidlegare gjeve ut ein serie om Myron Bolitar, i tillegg til mange frittståande romanar. Denne boka er den fyrste i ein ny serie for yngre lesarar, og hovedpersonen er Myrons nevø Mickey.

Mickey Bolitar har nett flytta til byen etter å ha bodd mange forskjellige plassar over heile verda i oppveksten. Han har mista far sin i ei ulykke og mora er lagt inn til rusavvenning, derfor bor Mickey hos sin onkel, Myron. Som sin onkel er også Mickey et naturtalent i basketball, og ser og ut til å ha det same talentet for å finne trøbbel.

I løpet av kort tid har Mickey erta på seg skulens verste pøblar, og finni seg eit par venner. Ein dag, på veg til skulen, ropar ei nifs gammal dame på han og seier "Mickey! Far din er ikkje død!" Men Mickey var og med i ulykkesbilen, og veit kva han såg.

Kjapt fint språk, gode intriger og mykje av den same humoren ein kjenner frå Myron-bøkene, gjer dette til ei svært underhaldande leseoppleving. Målgruppa er som sagt ungdom og unge vaksne, men vaksnare vaksne kan og gjerne lesa ho med fornøyelse.

Del på facebook
John Boyne:

Hendelsenes hus

Hendelsenes hus

Georgy Danilovitsj Jachmenev vokser opp som en fattig bondesønn på den russiske landsbygda på begynnelsen av 1900-tallet. Mer eller mindre tilfeldig ender han opp med å redde livet til tsarens fetter, da denne passerer gjennom den lille landsbyen. Som belønning får han bli med til vinterpalasset i St. Petersburg hvor han får ansvaret for sikkerheten til Alexei Romanov, tsarens eneste sønn og tronarving.

Videre blir dette en klassisk beretning om forbudt kjærlighet da Georgy forelsker seg i en av Tsarens døtre, storhertuginne Anastasia, som selvsagt ikke kan ha et forhold til en simpel livvakt. Vi får også innblikk i den siste hektiske perioden av tsarveldet i Russland, fram til Lenins kupp og avsettelsen av Romanovene.

Historien veksler i tid, med en gammel Georgy som ser tilbake på sitt begivenhetsrike liv, som han har delt med sin hustru Zoya. Vi får del i en historie om enorme forskjeller, flukt, et urolig Europa og skepsisen som møtte utlendinger i Paris og London under andre verdenskrig. Men først og fremst er dette som sagt en historie om kjærlighet.

Boka er relativt lettlest og passer både ungdom og voksne. Forfatteren er den samme som skrev "Gutten i den stripete pyjamasen".

Del på facebook
Terje Torkildsen:

Arrfjes

Terje Torkildsen: Arrfjes

"Arrfjes" blir han kalla - avdi han har hatt koppar og har andletet fullt av skjemmande arr. Året er 1812, han er foreldrelaus og har ein yngre bror som han prøver å hjelpe, og han har ikkje fylt 14 år når boka startar.

Dette er ein historisk ungdomsroman frå Napoleonskrigane der  Danmark-Noreg er i krig med England, og vår helt er den 13 år gamle Ejner Tevig frå Mandal. Han er foreldrelaus og fyrstereisgut på ei seglskute som skal til Bergen. Han har to fortrinn som skal vise seg viktige: han har overlevd koppesjukdomen, så han er immun mot smitte, - og han kan lese.

Styrmannen oppdagar ei herrelaus skute med gult fareflagg som viser seg å vere ein engelsk båt som er forlaten av alle bortsett frå kapteinen som er død av koppar. Kapteinen til Ejner bestemmer at dei skal overtake skuta som krigsbytte, og Ejner som immun, blir sentral i dette arbeidet. Mannskapet blir delt på dei 2 båtane, og den brutale skotske båtsmann Smith blir sentral i dramaet som utviklar seg. Smith vil til England, medan resten av mannskapet vil til Kristiansand. Seglskuta forliser både pga av storm og maktkampen om bord. Ejner blir den einaste som overlever av dei norske sjøfolka. Det vert ein spennande historie der både vilje, sluhet og ein god porsjon flaks hjelper Ejner gjennom både forlis, katt-og-mus-leik og engelsk krigsfangenskap.

Boka er både spennande, realistisk og eventyrleg, og er delvis skriven som ein skipslogg der nokre få kapittel er skrivne i gamaldags språkdrakt.

Torkildsen har tidlegare vunne 2 ungdomsbokprisar for katastrofe-serien "Dystopia".  Denne er meir optimistisk i tonen - det gjeng bra til slutt.

Del på facebook
Siri Pettersen:

Odinsbarn

Odinsbarn

Hirka er 15 år og i likhet med sine jevnaldrende står hun foran Ritet. Det er bare ett problem, hun kan ikke favne. Etter hvert som tida nærmer seg blir hun mer og mer nervøs, for hva vil skje med henne om hun ikke klarer å gjennomføre det? Så får hun vite at Far ikke er Far, at hun er et hittebarn, og at det slett ikke var en ulv som tok halen hennes som spedbarn, men at hun er født halelaus. Et Odinsbarn. Menskr.

Rime er 18 år, og har vært vekk siden sitt eget Rite for tre år siden. Før det var han Hirkas beste venn. Men Rime er av rådsætt, og ventet å overta familiens plass i det innerste rådet etter sin bestemor. Rime sjøl har derimot andre planer og vil følge krigerens vei, i Kolkagga, en militær eliteavdeling. En slik avgjørelse framstår som uforståelig for de fleste, å gi avkall på en plass blant verdens mektigste folk for en simpel karriere som kriger.

Vi følger disse to karakterene i denne første boka i serien Ravneringene. De befinner seg i et fascinerende univers befolket av ymsættlinger. Seeren er en guddomsmakt som hviler over det hele og beskytter mot de blinde, og Odinsbarn er av mange ansett som en myte. Boka er svært velskrevet og rett og slett en imponerende debut av en spennende, ny forfatterstemme. Etter en viss forvirring de første sidene, grunnet ukjente ord og begreper, nøt jeg boka og gleder meg til fortsettelsen.

Glimrende og engasjerende fantasy for eventyrsøkende lesere fra ca 15 år og oppover.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av