Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

John S. Jamtli:

Sabotør

John S. Jamtli Sabotør

Du har kanskje høyrt om Oslo-gjengen og Kompani Linge, men har du høyrt om Osvald-gruppa? I denne teikneserieromanen blandar forfattar og illustratør John S. Jamtli historiske fakta med reinspikka actionmoro i ei forteljing frå Noreg under den tyske okkupasjonen på 1940-talet.

Osvald-gruppa var ei motstandsgruppe som utførte om lag 200 aksjonar under andre verdskrig, mellom anna sprenginga av Øst- og Vestbanestasjonen i Oslo. Det blir sagt at Osvald-gruppa gjennomførte fleire og meir verknadsfulle sabotasjeaksjonar enn noko anna motstandsgruppe. Men sidan Osvald-gruppa hadde band til Sovjetunionen og kommunismen, fekk dei lite heider og ære då krigen var over. Leiaren av gruppa, Asbjørn Sunde, hamna i fengsel for landssvik og spionasje, og dette påverka ettermælet til gruppa sterkt. I nyare tid har historia deira blitt trekt fram i lyset att, og det har blitt sett opp minnesmerke og delt ut medaljar til nokre av medlemmane som framleis er i live.

I teikneserien møter vi kjende personar som ministerpresident Vidkun Quisling og etterretningsagent Henry Rinnan, og vi får besøke viktige stader som Bandeklosteret i Trondheim og Victoria terrasse i Oslo. Vi er ein kjapp tur innom slaget i Narvik før vi møter hovudpersonen Johan i Falstad fangeleir. Han greier å rømme frå leiren med hjelp av ein streng fyr som heiter Knut og ein hissig trønder som heiter Olav. Johan og Olav blir rekrutterte til motstandsgruppa Knut er med i, og vi får følgje dei gjennom opplæringa og ei rekkje små og store oppdrag. Samtidig er Rinnan på jakt etter den løyndomsfulle leiaren av Osvald-gruppa for å stoppe arbeidet deira ein gong for alle.

Det er mange flotte detaljar i både språk og strek. Sjølve teikningane kan minne om stilen i Asterix og Sprint eller den norske Krüger og Krogh, der folk har store nasar, trillrunde auge og overdriven mimikk. Karakterane vi møter snakkar dialekt, og dette er med på å gjere historia både nær og morosam. Sjølv om historia er prega av action og kampen mot overmakta, slit Johan med samvitet fordi han må vere med på ting han ikkje forstår eller som han meiner er feil. Vi er vitne til både skotvekslingar og tortur, og vi merkar alvoret i situasjonane Johan og kameratane er involverte i. Boka ender med at krigen sluttar, men det er ikkje nødvendigvis ein lykkeleg slutt.

Det er verd å understreke at ein ikkje må ta denne teikneserien på alvor som ei historisk korrekt kjelde. Det står på omslaget at det er ei røverhistorie frå krigsåra, og bør bli lesen som nettopp det: ei god historie sett i ein historisk kontekst. Boka passar for folk som er interessert i historie, action og humor, i alderen frå tretten år og oppover.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av