Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem
Sunniva Relling Berg:

Utfor

Utfor

"Ny skule, nye moglegheiter!" Det var nesten blitt mora sitt mantra. Men å flytte frå byen og ut på ei øy i havgapet var ikkje berre enkelt for Lea. 

Lea skal begynne i 9. klasse på øya og vert fort kjend med klasseveninnene. Ho vert også kjend med naboguten, Johannes. Dei utviklar eit godt venskap, og alt verkar greitt. Men kvifor tek dei andre i klassen avstand frå han? Kva er det dei sluttar å snakke om når ho nærmar seg? 

Lea vil så gjerne passe inn, men merkar fort at det å vere ven med Johannes ikkje er den rette måten å verte populær på. Det viser seg at det er ei historie knytt til han, og den historia vil Lea lære å kjenne. Men korleis kan ho det, når ingen vil snakke om det som har skjedd? 

Valet mellom å verte "ein av gjengen" og å halde fast på venskapet til Johannes vert stadig vanskelegare, og Lea kjenner det etterkvart som om ho vert kasta utfor eit stup ...

Boka er super for deg som går i ungdomsskulen. Ho får deg kanskje til å tenkje over kva som er dine verdiar. Kva ville du sjølv ha valt? Johannes eller dei populære jentene? 

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av