Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Ian McEwan:

On Chesil Beach

On Chesil Beach

On Chesil Beach

Brudeparet Florence og Edward er hovudpersonane i Ian McEwan sin roman On Chesil Beach frå 2007, den norske tittelen er Ved Chesil Beach.

Vi er i England i 1962. Florence er dotter av ein forretningsmann og ein Oxford-akademikar og er ein talentfull fiolinist. Ho drøymer om å gjere karriere som konsertfiolinist og om det perfekte livet ho og Edward skal skape. Edward er ein ung og flink historiestudent. Dei møtte kvarandre tilfeldig, og han overraskar både henne og seg sjølv med å fri etter kort tid. Edward er oppvaksen på landet utanfor Oxford. Mora hans har fått ei hjerneskade etter ei ulykke, og faren har strevd med å halde kvardagen saman. Edward har lengta etter å kome vekk, og i London har han funne det spanande livet, og der har han truffe og forelska seg i den følsomme og sjenerte Florence.

 Florence og Edward er forsiktige menneske, dei har problem med å uttrykke seg sjølve og kjenslene sine, noko som igjen skaper problem for kommunikasjonen i forholdet. Paret veit at dei elskar kvarandre, men dei er veldig forskjellige. Edward ser fram til foreininga på bryllupsnatta, Florence gruar seg inderleg. Denne første elskovsnatta skal då også vise seg å bli fatal.
 Paret er unge i ei tid då Storbritannia og resten av verda er i endring. For mange unge menneske var 60-åra den perioden kor den seksuelle revolusjonen starta. Men for Florence og Edward gjer fortida sine konvensjonar og moral seg fortsatt gjeldande, det er umulig for dei å vere åpne om seksualitet og sin eigen uvitenheit.
 Ian McEwan skildrar suverent desse små øyeblikka i menneskelivet som blir avgjerande for resten av framtida. Samme tema har forfattaren i romanen Atonement (Om forlatelse) frå 2002. Han gjer det i ein språkleg sikker stil som har element av stream-of-consciousness.

 Eg høyrde denne romanen som lydbok på engelsk, lese av forfattaren sjølv. Noko som heilt klart legg til ein ekstra dimensjon. Som bonus får du etter romanen eit intervju med forfattaren. Romanen har også fått ekstra aktualitet i og med at den no blir til film med premiere i januar 2018.

Del på facebook
Ida Hegazi Høyer:

Fortellingen om øde

Fortellingen om øde

Kort fortalt handlar denne romanen om den tyske tannlegen Carlo Ritter som trekk ut alle tennene sine og forlet eit komfortabelt liv i mellomkrigstidas Europa for å leve eit tannlaust einebuartilvære på ei aude øy i Stillehavet.

På den aude øya har Carlo planlagt å leve kun av frukt. Difor treng han ikkje tenner, og difor trekk han dei ut før avreisa. For sikkerheits skuld, og siden han trass alt ikkje veit så mykje om korleis livet på øya vil arte seg, har han laga seg eit stålgebiss som han har i bakhand. Men Dr. Carlo opplever at førestillingane han har om korleis livet på øya skal bli, raknar allereie når han står aleine på stranda den første dagen. Øya og naturen der er ein nådelaus stad, trass i at den ligg i eit tropisk klima.

Det går heller ikkje lang tid før han får uvelkomment besøk av eit ungt ektepar, og med eitt er det sosiale gnisningar på den vesle øya. Betre blir det ikkje når ei eksentrisk baronesse slår seg ned på stranda med sitt mannlege harem. Kampen for tilværet er knallhard, og det er vanskeleg å seie kva som er mest truande, menneska eller naturen.

Fortellingen om øde er, utruleg nok, basert på verkelege hendingar. I 1929 flytta den tyske tannlegen Friedrich Ritter til den aude Galápagos-øya Floreana saman med ein av sine pasientar. Eit par år seinare kom eit ektepar med ein 12 år gammal son og litt seinare kom ei ekte baronesse, Eloise von Wagner-Bosquet. Baronessa hadde med seg to tyske elskarar og ein ecuadoriansk handverkar. 
Etter kort tid fekk ho bygd eit lite hus som ho kalla "Hacienda Paradis" og omtrent då byrja idyllen å slå sprekker. Konflikter førte til at tre menneske blei drepne og at to forsvann i løpet av berre nokre månader. Nøyaktig kva som skjedde er det ingen som veit, men "the Galápagos Affair" fekk stor merksemd i den interasjonale pressa. Og dannar altså det verkelege utgangspunktet for Ida Hegazi Høyer sin roman.

Forfattar Ida Hegazi Høyer er eit nytt bekjentskap for min del. Ho har tidligare gitt ut tre romanar. For Fortellingen om øde er ho nominert til P2-lytternes romanpris og til Osloprisen.

Eg likte denne romanen veldig godt, den har ei spennande handling, som trass i alle dei absurde tinga som skjer, er bygd på verkelege hendingar. Forfattaren skriv i eit nydelig, poetisk og særprega språk og forteljinga har driv og overskudd.
Romanen er skriven i tredjeperson, og sjølve øya har også fått sin eigen synsvinkel. Øya blir tillagt menneskelege eigenskapar, den er i stand til å skilje det eine mennesket frå det andre og den får nærast gudeliknande evner. Det er eit overraskende trekk; den levende øya som betraktar menneska og venter på feiltrinna deira.  

Øybuarane si skjebne er tragisk, men romanen er også morsom, særlig dr. Carlo, som er ein hissig og oppfarande type. Han blir rasande på dei som kjem til øya og forstyrrar idyllen, som slett ikkje er nokon idyll. Han vil bli lagt merke til, han er opptatt av ettermælet sitt, og har, som så mange andre, stort ego, liten sjølvinnsikt, og overdriven tru på eigen vilje og evne. 

Del på facebook
Neil Gaiman:

Havet i enden av veien

Havet i enden av veien

Neil Gaiman er ein britisk forfatter innan science fiction- og fantasy-sjangeren. Han har også skrive fleire teikneseriar, m.a. den kjente Sandman, og levert manus til filmar og tv-seriar.

The Ocean at the end of the lane er Gaimans nyaste roman for vaksne, den er også oversatt til norsk med tittel Havet i enden av veien.

Historia byrjar med at ein middelaldrande mann køyrer ein tur etter gravferda til eit nært familiemedlem. Brått innser han at han køyrer mot barndomsheimen. Huset han vaks opp i er borte, og han dreg vidare til ein gard i enden av same veg. Møtet med garden og den gamle dama som bur der vekkjer ei rekkje undertrykte minne i han, «[...] mens jeg sto der i gangen kom alt tilbake.»

Vi blir tatt med tilbake i tid til då denne mannen var sju år, ein einsam og oversett gut som flyktar inn i bøkene. «Jeg var lei meg for at ingen var kommet i selskapet mitt, men glad for at jeg hadde en Batman-figur, og jeg hadde en fødselsdagspresang som ventet på å bli lest, et komplett sett med alle Narnia-bøkene [...]» 

Etter kvart skjer det mystiske og fæle ting rundt han, m.a. i form av den nye barnevakta Ursula, som bokstavelig talt viser seg å vere eit monster. Dette gjer at han treng hjelp av dei tre generasjonane kvinner som bur på Hempstock-garden, visdommen og kjærleiken deira gir han tryggheit i ei elles skummel verd: «Voksne ser heller ikke ut som voksne inni seg. Utenpå er de store og tankeløse og vet alltid hva de gjør. Inni ser de ut som de alltid har gjort.  Som de gjorde da de var på din alder. Sannheten er at det ikke finnes voksne. Ingen i hele, vide verden.»

Sjuåringens kamp mot demonane er ei underhaldande historie i seg sjølv, men det at hendingane også kan lesast som barnet sitt møte med den skumle og utrygge vaksenverda, hevar forteljinga mange hakk. Difor kan boka trygt anbefalast både til fantasy-fans så vel som til dei som vil ha meir tradisjonelle romanar.

Del på facebook
Gaute Heivoll:

Over det kinesiske hav

Over det kinesiske hav

Romanen Over det kinesiske hav av Gaute Heivoll startar i 1994 med at ein mann ryddar opp i boet etter foreldra sine. Bilder, dokument, brev og klede: alt bringer fram minner frå hans eige liv, frå han kom hit som guttunge mot slutten av krigen og huset var nytt.

Vi går så tilbake i tid og møter eit ungt ektepar, forteljaren sine foreldre, som reiser sitt eige forpleiningshjem for «åndssvake», som romanen konsekvent kallar dei, i ei lita bygd på Sørlandet. Huset ligg aude til i skogen, med eit barnlaust ektepar som nærmeste naboar. Til dette huset i skogen kjem etter ei tid fem søsken i alderen 4 til 17 år. Frå før bor det tre menn på loftet, nemlig onkel Josef, Matiassen og Christian Jensen. Dei har alle sine særheiter og originale trekk. Det er tidlig i fredsåret 1945 at «tullingene fra Stavanger», som onkel Josef kallar dei, kjem. Nokre månader tidlegare har vergerådet i Stavanger tatt dei frå foreldra. Eit foreldrepar som berre ein eineste gong før dei døyr, får sjå barna sine igjen ei kort stund.

Dette er er med andre ord ein roman om oppvekst og liv i eit uvanleg miljø, rundt uvanlege menneske, men likevel ein roman som er uhyre jordnær – nesten saklig i stilen. Det er ei historie om den gongen «åndssvake» blei sett på og behandla på ein ganske anna måte enn i dag, med umyndiggjering og tvangssterilisering som faste innslag. Og det er ei historie om små menneske med store personligheiter, og ei historie om korleis eit barnesinn opplever og handterer møtet med annaleisheit.

Onkel Josef er ein av romanen sine sterkaste og mest rørande portrett. Om han heiter det etter at han er død: «Slik endte Josefs merkelige liv. Han hadde hatt verdenslitteraturen og gudstjenestene. Han hadde hatt tapperhetsmedaljen, og siden vandrepokalen å speile seg i. Jeg tror det var nok».

Gaute Heivoll har eit særlig godt grep på å formidle det alminnelege og daglige i eit liv. Hendingar som kvar for seg er minimale av format, men som like fullt utgjer livet for dei det gjeld. Faktene er få og små. Han løftar fram dei stemmelause og gir dei verdigheit og betydning, i dette tilfellet dei åndssvake. Når forteljaren går tilbake til barndommen og erindrer livet med dei fem søskena og dei tre mennene på loftet får romanen ei heilt spesiell atmosfære og språket til Heivoll er så fortetta og godt at det dreg lesaren med seg inn i historia. I store parti er denne romanen både vakker og urovekkende.

Del på facebook
Tomas Bannerhed:

Ravnene

Ravnene

Ravnene er svenske Tomas Bannerhed sin debutroman.

Ei oppvekstskildring frå eit småbruk i Småland på 1970-talet høyrest kanskje traust og kjedlig ut, men er det ikkje!

På garden Undantaget har dei i mange generasjonar måtte kjempa for å overleve. Eg-personen Klas er 12-13 år, han er ein skuleflink gut, interessert i bøker og naturvitskap og ikkje minst fuglar. Han bur på denne garden i lag med foreldra sine og ein yngre bror.
Konflikten er klassisk: den tungsindige og psykisk ustabile bondefaren på den eine sida og den naturelskande og lite praktiske sonen på den andre. I midten står den kjærlege mora som ikkje veit kva side ho skal velge og som utslettar seg sjølv for å prøve å halde på husfreden.
Faren går stadig lenger inn i angsten og depresjonen, og samtidig med at faren går under er det ei heil livsform som går under. Jordbruket blir rasjonalisert og effektivisert og eit småbruk som Undantaget har ikkje lenger livets rett.
Klas er fullstendig prisgitt faren sine luner. Han lever i konstant frykt og lid under faren sine forventningar om at han skal ta over garden. Noko han kjenner med heile seg at han ikkje vil og kan. Naturen og interessa for fuglar blir ein fristad for Klas. Han er opptatt av å systematisere og nemne alt ved sitt rette namn, det blir ein måte å fasthalde ein slags orden på i ei verd full av kaos.
Det er mørkt og det er hjerteskjærande og det går ikkje bra til slutt. Likevel er denne romanen ei fryd å lese fordi forfattaren har eit så lysande godt språk og så stor psykologisk innsikt. Og forteljinga er ikkje utan "comic relief" - det er mykje mørk humor i galskapen. Eg fekk assosiasjonar til Fred av Arne Garborg og til Tarjei Vesaas. Forfattaren har sjølv nemnt Vesaas som eit av sine litterære førebilete.

Del på facebook
Alessandro Boffa :

Du er et dyr, Viskovitsj

Du er et dyr, Viskovitsj av Alessandro Boffa

Alessandro Boffa er ein italiensk biolog, fødd i Moskva. Du er et dyr, Viskovitsj kom på norsk i 2002 og er debutromanen hans.

Dette er ei samling korte historier eller noveller med den samme gjennomgangsfiguren; Viskovitsj, eller Visko som han også vert kalla. I kvar historie opptrer Visko som eit nytt dyr eller insekt. Og i kvar historie handlar det om kampen for tilværet og ikkje minst om kampen for å formere seg. Den som er gjenstand for dei meir eller mindre romantiske tilnærmingane er Ljuba, ho går også igjen i alle novellene.

Visko opptrer m.a. som snegle, papegøye, lab-rotte, kneler og kameleon. Han er ein reflektert figur uansett kva slags skapning han er. Alle karakterane har ei menneskeliknande bevisstheit, men er samstundes prisgitt det enkelte dyret sine livsvilkår og instinkt. Dette åpnar for mykje svart og sær humor, men gir også føde for tanken og mykje å reflektere over.

Kneleren er eit insekt med eit noko uvanleg paringsrituale. Etter paringa et hoa like godt opp hannen. Kneleren Visko har følgande dialog med mor si: "Hvordan var pappa? spurte jeg mor. "Sprø, litt besk, men full av fiber." "Jeg mente før du spiste ham." "Han var en litt usikker type, engstelig, nevrotisk, litt sånn som alle dere hanner, Visko." Mer enn noensinne følte jeg meg nær den forelderen jeg aldri hadde kjent, som hadde blitt løst opp i mammas mage mens jeg ble unnfanget. Han som ikke ga meg noen varme, bare kalorier. Takk pappa, tenkte jeg. Jeg vet hva det vil si for en kneler å ofre seg for familien. Jeg stoppet opp et øyeblikk i ettertanke foran hans grav, altså foran min mor, og resiterte et miserere.

Dette er ei bok som har forsvunne litt i mengda og som har vore lite omtala. Eg meiner den fortener å kome fram i lyset. Det er eit unikt stykke litteratur, og den er rask og lett å lese!

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av