Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Mankell, Henning:

Svenske gummistøvler

Mankell: Svenske gummistøvler

Den pensjonerte legen Fredrik Welin bråvaknar ei haustnatt av di huset hans stend i full fyr! Han kjem seg så vidt ut i pysjamas, ein gamal regnfrakk og 2 venstrebeins gummistøvlar. Heile tilværet hans krakkelerer.

Alt er i kaos. Kvifor brann huset? Kva skal han gjere? Kor skal han bu?

Heldigvis stend der ei gamla campingvogn på øya som han kan bruke. Men hurtighandling av klede, viser seg bare å vere billege kinesiske importvarer. Det blir ubegripeleg viktig å få seg eit par skikkelege svenske gummistøvlar av merket Tretorn, men det viser seg å vere vanskeleg.

Plutseleg blir einsemda han har lika før, nesten utmattande. Og tapet av det gamle huset på øya i den svenske skjergarden, som han har arva etter besteforeldra, blir uuthaldeleg. Han har eigentleg ingen venner, bare folk ha trur han kjenner litt. Ei vaksen dotter som han har eit svært anstrengt forhold til, bur i utlandet og mor hennar er død. Han dett ned i ein slags passivitet og grubling over verdas elendigheit, som blir endå vanskelegare når det viser seg at brannen er påsett, og politiet trur han driv med forsikringssvindel.

Welin fingranskar det gamle båthuset etter morfaren, og finn nokre gamle notatbøker, nokre gamle fuglebur, og ei handbok i å fange og take vare på fuglar. Totalt ukjent  for han som hadde mykje tid saman med morfaren. Kva veit me eigentleg om våre medmenneske??

Me fylgjer Welins undring og funderingar om seg sjølv, situasjonen og dei få menneska han har kontakt med, ma den pensjonerte postmannen Jansson som han har eit anstrengt forhold til, og den oppsøkjande journalisten i lokalavisa som han forelskar seg i.

Plutseleg får han ein telefon frå dottera i Frankrike som for fyrste gong ber om hjelp av di ho har hamna i fengsel. Han dreg straks av garde, og får henne ut ved hjelp av den norske ambassaden. Mens han er der, brenn der eit anna huset  uti øyane, påsett på same måten. Mistanken mot Welin fell bort, og han får igjen litt pågangsmot.
Eit år etter brannen har han fått seg nytt hus - ein kopi av det gamle. Han blir bestefar med utsikt til å få heim ei svært forandra dotter som gjerne vil bu i det nye huset, han har fått ei venninde i journalisten, og han finn ut kven som har tent på - og symbolsk: Han får seg endeleg eit par svenske gummistøvlar!
Løysinga om brannstiftaren er uventa for Welin, og denne blir heller ikkje teken av politiet, men det viktigaste er å vite og forstå kva som skjer, og å ha eit mål frametter i livet.

Del på facebook
Aina Basso:

Finne ly : roman

Finne ly, av Aina Basso

Basso skriv historiske romanar om utsette folkegrupper og vanskelegstilte personar - spesielt om kvinner. Ho har tidlegar skildra taterane sine kår i "Fange 59", nå skriv ho om fantane og deira kår midt på 1800-talet. Romanen er ramma inn av ei svært fordømmande omtale av Eilert Sundt om: "Landstrygerfolket i Norge" og eit utdrag frå Fanteregisteret om nr. 267 Hanna Fredriksdatter.

Romanen skildrar den unge Hanna som har greidd å rømme frå Christiania tugthus ved å selje sex til ein fangevaktar. Ho rømmer nordover indre Austlandet og kjem ein vårdag til eit lite nyryddingsbruk i skogen der ho får teneste hjå ein enkemann med to unge vaksne søner.

Det blir etterkvart eit vanskeleg liv. Handlinga er vekselvis formidla gjennom Hannas og delvis gjennom yngstesonen Johannes, tankar og refleksjonar. Dei to blir dregne mot kvarandre, men Hanna veit at det kan bli svært vanskeleg. Ho har også ei vanskeleg fortid me etterkvart får innsikt i. Ho har ikkje fortald at ho er fant, det tør ho ikkje. Men storebroren, den drikkfeldige Harald, anar det etter kvart. Johannes har også eit vanskeleg sinn, og dei to brørne vert konkurrentar om Hanna. Utover sommaren kjem det stadig fleire fantar eller "reisande" til skogen der dei held sommarleir - og bydefolket øser seg opp vil bli kvitt dei. Situasjonen toppar seg på svært dramatisk vis.

Teksten er både poetisk og lettlesen, med stutte kapittel i ein litt hoggande stil. Lesaren få vekselvis innsikt i tankeverda til båe partar og forstend korleis samfunnet si førehands-dømming og negative innstilling til å snakke med folk, gjer at alle blir taparar i ein håplaus konflikt.

Del på facebook
Patrick Modiano:

Gater i mørke

Gater i mørke

Årets nobelprisvinnar i litteratur skriv stillferdige romanar, mykje om identitet og andre verdskrigen. Boka kom ut i 1978 og same året fekk han ein stor fransk litteraturpris for den.

Hovudpersonen Guy Roland fortel om jakta på eigen identitet. I 1965 mistar han jobben i etterforskingsbyrået av di sjefen blir pensjonist. Då bestemmer han seg for å finne KVEN han eigentleg er - 10 år etter at han miste hukommelsen.

Han vinglar rundt i Paris, frå den eine til den andre som har kjent folk han kjende og etterkvart også nokon som har kjent vår venn. Det blir som ei detektivforteljing , men også ei merkeleg vandring mellom folk som alle har smertelege minne om tida han spør om. Det var slutten av 1930-åra og byrjinga av krigen. Han får på ulike vis tak i bilete av både venner og til slutt seg sjølv som ung mann. Ved å oppsøkje dei ulike stadene desse menneska har budd, dukkar etterkvart minna opp igjen. Det er mange gode, men også smertelege opplevingar som dukkar fram frå skoddeheimen. Krigen som kastar så lange skuggar at mange måtte rømme frå Paris, eksilliv i fjella, gode og tvilsame hjelparar og spørsmål som stadig er svarlause. Kva slags menneske var han eigentleg? Lever det stadig nokon av dei han var glad i?

Boka er både lettlesen og tankevekkande.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av