Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Laila Ibrahim:

Gule krokus om våren

Gule krokus om våren

Romanen tar oss med til Virginia i Sørstatane under slavetida. Det er ei sterk fortelling om menneskeskjebne og om forholdet mellom slavar og kvite.

Hovudpersonane i boka er Elizabeth og Mattie. Elizabeth vart fødd på farmen Fair Oaks. Ho var lagt rett i armane på ammen Mattie, ei slavekvinne som hadde fødd sonen Samuel for tre månader sidan, men som måtte forlate si eiga familie for å ta seg av Elizabeth. Mattie er snill og omsorgsfull, og Elizabeth knyter seg sterkt til Mattie. Det er rørande å høyre om det sterke bandet mellom desse to frå kvar si verd.

Elizabeth lærer seg Matties haldningar og verdiar som står i sterk kontrast til dei verdiane som råder i den “kalde” luksusheimen ho høyrer til. Vi får høyre om Mattie, dei korte besøka hennar hos familen sin og draumen ho ber på om å kunne røme til Ohio som er ein fristat for slavane. Elizbeth vert med til slavekvarteret dei dagane Mattie får lov å besøke sonen og familien sin. Vi får høyre om Elizabeth og det overflatiske livet foreldra legg opp for henne. Ball og luksuskjolar, og der målet er å finne den brudgomen som har den største farmen osv.

Men når Elizabeth veks opp ser ho verda også frå Matties side og etterkvart må ho velje mellom det som er sosialt akseptabelt og det som er rett for henne. Dette valet endrar livet hennar for alltid. Sterkt inntrykk gjer skildringa av slavane, korleis dei vert behandla og det synet dei store farmarane, eller dei kvite har på dei. “Slaver er bare tre femtedeler av et menneske. De er ikke berettiget til de samme rettene som kristne”­ ifølge faren til Elizabeth. “Behandle niggerne dine som halvveis mennesker og halvveis dyr, så vil du klare det fint”­ ifølge oppsynsmannen på farmen.

Boka gir eit gripande innblikk i korleis slavar var behandla av dei kvite ­ som eigedelar dei gjorde som dei ville med, voldtekt av unge slavejenter, kjøp og sal av slavar som førte til at familier, foreldre og barn vart splitta og sende til ulike deler av landet og aldri fekk sjå kvarandre igjen. Vi får også høyre om det overfladiske og tome livet dei rike kvite levde, og kor “kaldt” forhold det var mellom barn og foreldre i slike heimar. Barna fekk eit nærare forhold til sine ammer og barnepassarar enn til sine eigne foreldre.

Dette er ein engasjerande og tankevekkjande roman. Boka er lettlest og kan kanskje ikkje kallast stor litteratur, men den er skriven slik at ein ikkje klarer å legge den frå seg før siste side er lest, og den vert ikkje gløymt med det første.

Del på facebook
Edvard Hoem:

Slåttekar i himmelen

Slåttekar i himmelen

Slåttekaren heitte Knut Hansen Nesje, men folk kalla han berre for Nesje, og jorda han bygsla over småbyen Molde, kalla dei Nesje-stykket. Slik startar romanen “Slåttekar i himmelen” og slik får vi presentert oldefaren til Edvard Hoem. Hoem held i denne boka fram med å fortelje om si eiga familie. Denne gongen er det oldefaren og hans liv og samtid som vert skildra. I “Heimlandet Barndom” (1985) skriv han om sin eigen oppvekst på garden Hoem og i “Mors og fars historie” (2005) skriv han om foreldra sine og deira ungdomstid.

Hoem hadde få fakta å bygge på om oldefaren. Men sjølv om eg kjenner dei viktigaste årstala i livet hans og har enkelte vitnemål om korleis han levde, var det ikkje nok då eg skulle skrive om han.Eg måtte dikte han fram av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar meg i håret og regnet som fall på markene og menneska i hans og mi tid 

Knut Hansen Nesje arbeider på storgarden Gørvell. Han har bygsla eit stykke jord på garden Reknes, og for bygslinga må han gjere pliktarbeid på Reknes. For å få arbeide på sitt eige jordstykke må han ta natta til hjelp.

Forteljinga startar i 1874 på 36 årsdagen til Nesje. Han er enkjemann på andre året og har også sonen Hans på fjorten år å ta seg av. Denne dagen møtte han Serianna som har kome til Molde for å søkje teneste. Den piperøykande Serianna gjer inntrykk på Nesje, så sterkt inntrykk  at det vert kjærleik, giftarmål og barnefødslar.

Gjertine, veslesøstra til Serianna, kjem også inn i historia. Ho kjem og hjelper til i heimen til Serine og Nesje under barnefødslar m.m. Om Gjertine får vi høyre at ho er ei sterk kvinne, at ho talte presten midt imot og at ho har evner utanom det vanlege: å stanse blod ved bønn. Ho håpa lenge å få Hans, sonen til Nesje, som mann, men han ville opp og fram og ei bondejente frå Romsdal var ikkje bra nok for han. Seinare giftar ho seg med ein annan, salmakar Ole, og reiser til Amerika.

I slekta til Serianna er det mange sterke og særprega menneske.Gjennom skildringa av deira liv lar Hoem oss få vi kjennskap til samfunnstilhøva, naturen og arbeidet både på prærien i USA og her heime.

Tida Hoem skildrar var ei hard epoke i Norgshistorien. Draumen om Amerika vaks fram og mange reiste i desse åra, også mange av Nesje og Serianna sine slektningar. Dei ville vekk frå slitet og det harde og kummerlege livet på gardane her heime. Men Nesje var ein nøysom kar som valde å verte verande i Norge sjølv om det var harde tider. Han var stolt over den 16 mål store jordlappen han bygsla, men han sleit for å få endane til å møtast. Han opplevde også at alle dei fire sønene hans på ulikt vis forsvann ut av livet hans. Ein reiste til Amerika før han var 16 år og ein vart sett vekk til den barnlause svigerinna og svogeren i ei anna bygd, berre 7 år gamal.

Skildringa av nybyggjarlivet i Midtvesten er noko av det beste i romanen. Hoem har vore i Sør-Dakota to gongar i samband med boka, så han har verkeleg sett seg inn i korleis dei hadde det der. Det var ikkje alle som fekk det betre i Amerika. Det vart mykje slit der også. Men Hoem fortel ikkje berre om slitet og vanskane, men også om gledene og alt dei fekk til.

Denne forteljinga kunne eigenleg handle om fleire. Mange av oss har slektningar som reiste til Amerika i denne perioden, og mange av oss stammar frå dei som sleit og kava på Vestlandsgardar. Med andre ord eit lite stykke Norgeshistorie.

Det var ei glede å lese “Slåttekar i himmelen”. Nydelig språk og noko lavmælt og lunt over heile boka. Vi føler både gleder og sorger og “kjenner” på ein måte kor hardt dei sleit. Å høyre boka som lydbok er sikkert ei oppleving for dei som vèl det. Ingen les vel betre enn Hoem. Når eg les boka “høyrer” eg heile  tida stemma til Hoem. Eg synes det var ei flott leseoppleving. Hoem skriv slik at ein berre må blade vidare til neste side. En sjelden vakker roman skriv Cathrine Krøger i Dagbladet, og eg kan berre slutte meg til det.

Del på facebook
Det skulle vere sol

Marit Kaldhol er ein etablert forfattar. Ho har skrive både dikt, barne- og ungdomsbøker og bøker for vaksne. Ho tek ofte opp alvorlege tema. Sik også i denne boka. 

Boka handlar om søstrene Solrun og Jenny, storesøster og lillesøster, og deira nære forhold. Dei bur saman med mora. Bestefaren Olvar bur i nabohuset. Faren reiste tilbake til Polen, til Lodz der han kom i frå, så tidleg at minstejenta Jenny knapt huskar han. 

Tema i boka er korleis det er å vere pårørande til ein rusmisbrukar. Korleis angst, sorg og fortviling pregar livet til dei som må leve nær dei rusavhengige. Kaldhol skildrar det nære forholdet søstrene hadde i oppveksten, opplevingar dei hadde og alt dei delte. Så får vi høyre korleis lillesøster Jenny tar ansvaret for storesøster Solrun då mora døyr i ei eksplosjonsulukke. Solrun hadde allreie då begynt å ruse seg. Vi får høyre korleis Jenny ligg vaken, er heime frå skulen, - kort sagt set sit eige liv på vent for å redde søstra. Ho prøver gjentekne gongar å “redde” henne, men vert gong etter gong skuffa over Solrun sine lovnader som stadig vert brotne. 

Det er Jenny som er forteljarstemma i boka. Boka er skriven som korte tekster/historier, den hoppar fram og tilbake i tid, men det er aldri vanskeleg å halde tråden. Marit Kaldhol skriv poetisk, ho har eit nydeleg språk. Ho brukar også mykje naturskildringar for å skildre Jenny sitt indre liv, hennar tankar og kjensler.

Fuglane følgjer oss gjennom heile boka:

Kjære søster Sol, du skulle ha vore her.
Eg veit at ikkje alle fuglar kjem tilbake.
At ikkje alle er sterke nok til å klare reisa.
Eller ikkje har vilje nok.
Likevel trur eg at dei lengtar heim.

Boka er ei perle. Det er ei varm bok om eit tungt og vanskeleg tema. Den passar godt også som ungdomsbok.

Eg synes det er ei av Kaldhol sine beste.

Del på facebook
Laura Djupvik:

Kvitt

Kvitt

Det var tilfeldig at eg kom til å lese romanen Kvitt. Ein lånar leverte den inn og sa at "Denne boka var det noko med", så eg bestemte meg for å prøve den. Eg vart ikkje skuffa. 

Boka tek opp er eit mykje omskrive tema: "forboden kjærleik” mellom ei ung jente og ein vaksen mann, eller rettare sagt mellom elev/lærar.

Handlinga er lagt til eit kristent miljø på Vestlandet. Den går over eit skuleår og kvart kapittel tar for seg ein månad. Den eine hovudpersonen,Jill, snart 17 år, skal begynne andre året på vidaregåande skule, og kjærasten Kristoffer er klar for medisinstudier i Bergen. 

Jill er lei av kjærasten. Han er imot sex før ekteskapet, medan Jill ønskjer å prøve det ut. Forfattaren klarer å la oss føle lengten til den unge jenta som ikkje får utforske seksualiteten sin. Då Kristoffer reiser til Bergen for å studere, forelskar ho seg i den flotte rådgivaren/læraren Peder. Han er over 40 år, gift og har ei dotter som er eit år eldre enn Jill. Jill nyttar alle høve til å få kontakt/ kome i nærleiken av Peder. Han vert meir eller mindre motvillig dregen inn i forholdet. Vi får skildra deira møte på hytta hans, kontoret osv. Han prøver å stå i mot og prøver fleire gongar å forklare henne at dei må avslutte forholdet før det får avorlege følgjer.

"Det er farleg både for oss og andre". Peder slit med skuld og skamkjensle. Han er klar over kva farer dei utset seg for, og at han er den ansvarlege. Han prøver fleire gongar å gjere det slutt, men er for svak. Det vert aldri alvor av det før …

Det er ikkje aldersforskjellen som er det verste. Det er maktforholdet elev/lærar som er det største problemet. Djupvik skildrar makt, skuld og skam, begjær og ulovleg kjærleik, Boka er også ei forteljing om tap av uskuld. 

Forfattaren skriv godt, ho har eit flott nynorsk språk. Boka er velkomponert og har mange gode dialogar. Forteljarstemma vekslar mellom Peder og Jill, slik at vi får høyre begge sine tankar om forholdet. Slik vert vi godt kjende med hovudpersonane. 

Dette er absolutt ei bok eg kan anbefale! Kjekt å finne ein ny forfattar, og at ho skriv nynorsk er sjølvsagt også eit pluss! Boka kom ut på Kolon forlag hausten 2013 og er på 164 sider. Den er utgitt som ei bok for vaksne, men ungdom kan absolutt også lese den etter mi meining.

Laura Djupvik er frå Gurskøy på Sunnmøre. Ho er journalist og forfattar. Ho debuterte i 2004 med romanen Båten er så liten. Tre år seinare kom barneboka Hundre appelsiner og ein fiolin

Kvitt er altså Djupvik sin tredje roman. Ho er berre 44 år, så vi kan håpe å høyre meir frå henne i åra som kjem.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av