Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Demian Vitanza:

Dette livet eller det neste

Dette livet eller det neste

Då boka "Dette livet eller det neste" kom ut for eit par år sidan fekk den stor merksemd. Den handlar om den unge, norskpakistanske Tariq, som i 2013 reiste frå Noreg til Syria for å kjempe saman med muslimske opprørarar mot det syriske regimet. Boka er gitt ut som ein roman, men byggjer i all hovudsak på intervju forfattaren hadde med Tariq, der han sit fengsla i Noreg med ein åtte års dom på seg. 

Dette er ei gripande bok. Ein føler at ein kjem under huda på Tariq når han blottlegger relasjonar til familie og vener gjennom barndomen sin i Halden og ei periode på kostskole i Pakistan. Tariq fortel om ungdomstida si. Om skulegang og festing og om korleis han tener store pengar på smugling av narkotika over grensa frå Sverige. Mot slutten av tenåra fokuserer han meir og meir på islam og kjenner ei lindring når han byrjar å be. Han skildrar det som at "all faenskapen renn ut".  

Ein får innsyn i korleis det muslimske miljøet, som Tariq byrjar å vanke i som tenåring, tenkjer om det som skjer i Syria og vi følgjer Tariq og bestevennen frå dei fyrste samtalane om å hjelpe sine brødre i Syria, vidare på reisa dit og det dei opplever der, til Tariq kjem skada heime til Noreg og vert satt i varetekt.     

Sjølv om boka er basert på samtalar med Tariq, som ikkje er det verkelege namnet hans, og ein føler at ein får innblikk i dei innerste tankane hans, må ein ha i mente at både forfattar og kjelde i større eller mindre grad har lagt inn fiksjon i framstillinga si. Uansett er dette rystande og lærerik lesing og ein finn lett informasjon om den verkelege Tariq i media.

Del på facebook
Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19 (10.9. stengt)  
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av