Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Eirik Husby Sæther:

Lobotomisten

Bokomslag Lobotomisten

Lobotomisten er ikke en bok for sarte sjeler!  
Hvis du tar en lærebok i psykologi fra 1800-tallet, og lar en ung hjernevasket og besatt psykologistudent lese den om igjen og om igjen, så får du en bok som Lobotomisten. Pastorsønnen Johannes er besatt av tanken på å kurere syndige mennesker, slik at de ikke kommer til helvete. I psykologiboken fra 1800-tallet kan han lese at seksuell appetitt på den tiden var regnet som galskap. Den anbefalte kuren for disse gale menneskene var å påføre dem smerte og fryktfølelse, og hvis det ikke hjalp så ble de lobotomert.  
Og det finnes mange syndige mennesker i verden. Spesielt kvinner. Unge kvinner. Og Johannes starter sitt grufulle prosjekt med å frelse dem og en ung kvinne blir meldt savnet. 
Savnetgruppa  hos Oslo-politiet, med politibetjent Daniel Vinge i spissen, etterforsker forsvinningssaken. Sporene er få og Vinge får hjelp av en kameraten Tom, som skriver masteroppgave i krimonologi med ondskap som tema. Tom blir i overkant involvert, også på det private plan og jakten på pastorsønnen er i gang... 

Debutboka til Eirik Husby Sæther tar deg med inn i en brutal og ekstrem handling, som får deg til å snappe etter pusten. Flere ganger ville jeg bare legge fra meg boka, men forfatteren har et uttrykk og en «driv» i sin skrivestil som gjorde det helt umulig. Uansett hvor mentalt filleristet jeg følte meg, så måtte jeg bare lese et kapittel til. Og et til. Og et til… 
Så hva skjer når du har lest ferdig boka, bortsett fra at du sitter med en grøssende ubehagelig følelse i hele kroppen?  Du har selvfølgelig vært på biblioteket og lånt oppfølgeren, Heksedoktoren, slik at du får begynt på den med en gang du lukker Lobotomisten

Del på facebook
Elin Brodin:

Rotnorsk

Rotnorsk

Ein spenningsroman kan vere så mangt. Det er ikkje uvanleg at samfunnskommentaren er tydeleg til stades. Elin Brodin høyrer med til dei som brukar romanforma til å synleggjere korleis forminga av samfunnet ofte får ei slagside. Det hjartet er fylt av… legg ho i tankegangen og munnen på sine romankarakterar. Dette er ikkje berre samfunnskritikk, men like mykje ein sivilisasjonskritikk. Skeivheitene bryt altså på djupare vatn.

Rotløs set lyskastaren både på fordomar det er vanskeleg å vedkjenne seg, barnevern og psykiatri. Heil inn i det eksistensielle. Gjennom eit drap utført i ein sjukehuskorridor, møter vi ulike teoriar knytt til tenkelege motiv for ugjerninga. Ikkje ulikt ein kriminalroman. Forskjellen går på korleis vi får del i etterforskaren sitt møte med seg sjølv gjennom møta med informantar og mulege medsamansvorne.

Tankevekkande livsalvor – og lesverdig.

Del på facebook
Marit Tusvik:

Fleur

Fleur

Vi er tilbake i 1970. Maria, ung jente på 19 år frå Norge reiser på eiga hand til Tunisia for å vere med på ein internasjonal dugnad i sommarferien. Ungdommar frå mange land er med, også frå Tunisia. Maria er idealistisk og vil gjere noko for andre, som ikkje har det så bra som henne. Men ho er også eventyrlysten og spent på det eksotiske, det arabiske. Maria  forelskar seg i ein ung tunisisk student, Aziz, og han gjev henne tilnamnet Fleur. Etter at dugnaden er over reiser ho ikkje heim slik dei andre ungdommane gjer, men vert med Aziz på reise sørover til hans heimstad. Det vert ei reise bakover i tid, til oasen der han er frå, og til familien hans. Alt der er ulikt det vante - enkelt, gamaldags på alle vis – men Maria trivest likevel og kjenner seg heime der i det framande.

På mange måtar er denne romanen ei kjent historie for oss: ung, naiv jente frå nord møter ung, pen, eksotisk mann frå sør, og vi veit kor det går… Men så er det så mykje meir med denne boka.  Det er både ei historie om idealistisk ungdom på 70-talet og eit Tunisia med positiv tru på framtida. Og ikkje minst er dette også ein rørande og fin kjærleiksroman. Boka er skriven i eit lett og godt språk og passar for alle aldersgrupper.

Del på facebook
Fredrik Høyer:

Månehund og fatter'n

Omslag ånehund og fatter'n av Fredrik Høyer

Forfatteren er Norges kanskje beste slam-poet og debuterte i 2014 med denne boka!

Fatter’n forsvinner plutselig, midt under bråtebrenninga. I alle fall føler sønnen Fredrik at alt skjedde plutselig, og i bunnløs fortvilelse over at fatter’n er borte flykter han inn i en verden mellom drøm og virkelighet på leting etter ham. Fantasien brukes for å bearbeide sorgen over en far som blir rammet av alvorlig sykdom og brå død. Bearbeides gjør også skammen han følte over å ha en far som var syk.

Familien bor i Drammen, men handlingen utspiller seg hovedsakelig i familiens «sommarstuga» i Sverige. Hytta som skulle være familiens fristed, men som i stedet ble fatter’n Pers evige oppussingsprosjekt, og tilfluktssted da han fikk prostatakreft. Stedet hvor sønnen Fredrik ikke oppholder seg så mye som tenkt, mest fordi han har vanskelig for å takle den alvorlige sykdommen som rammer en han er glad i.

Fatter’n blir borte og Fredrik blir en hund som hyler mot månen i sorg og fortvilelse. En Månehund. En som ikke vil forstå at fatter’n er borte og i sin søken får mer og mindre god hjelp av en samling spesielle karakterer og byoriginaler. Blant annet beskrives et møte med en uvanlig utrivelig og snerpete bibliotekar.

Historien er fiktiv. Eller er den egentlig det? Er det en ren tilfeldighet at hovedpersonen heter det samme som forfatteren? Det som i alle fall er sikkert er at historien er full av følelser som kan gjenkjennes av alle som har mistet noen som sto dem nær. Og jeg fikk lyst til å stryke Fredrik over håret, gi ham en klem og si: Bare gråt, så blir alt litt bedre etterpå!

Del på facebook
Terje Bjøranger:

Den tredje søsteren

Bokomslag "Den tredje søsteren"

Denne boka grep meg fra første sekund. Den er grusom, tankevekkende og troverdig. Det er helt tydelig at forfatteren har god kunnskap om tematikken i boka.

Vi blir tatt med inn i et lukket miljø og blir med til bortgjemte landsbyer i Pakistan. Vi blir kjent med mennesker som utad fremstår som frittenkende og moderne, men som i bunnen er meget tradisjonelle. Og dette er rammen rundt 2 bestialske drap. 2 søstre, Samira og Nazma, blir funnet drept, nærmest slaktet, i storfamiliens leilighet.

Gjemt og i live finner politiet også den tredje søsteren, Nadia,  i leiligheten. Har hun sett hvem som utførte drapene? Før politiet får svar på dette, forsvinner hun. Nazmas kollega, journalisten Mikkel, blir den som dykker ned i spørsmålene om hva som har skjedd. Hans journalistiske etterforskning fører ham inn i lukkede miljøer i Oslo og etter hvert til bortgjemte landsbyer i Pakistan.

Forfatteren er jurist og arbeider som politiinspektør og det kan man merke på fagkunnskapen han utviser i boka. Han har tidligere utgitt 3 fagbøker, to om tvangsekteskap og en om islamsk rett.Den tredje søsterener hans første, og foreløpig eneste, skjønnlitterære roman.

Del på facebook
Aina Basso:

Finne ly : roman

Finne ly, av Aina Basso

Basso skriv historiske romanar om utsette folkegrupper og vanskelegstilte personar - spesielt om kvinner. Ho har tidlegar skildra taterane sine kår i "Fange 59", nå skriv ho om fantane og deira kår midt på 1800-talet. Romanen er ramma inn av ei svært fordømmande omtale av Eilert Sundt om: "Landstrygerfolket i Norge" og eit utdrag frå Fanteregisteret om nr. 267 Hanna Fredriksdatter.

Romanen skildrar den unge Hanna som har greidd å rømme frå Christiania tugthus ved å selje sex til ein fangevaktar. Ho rømmer nordover indre Austlandet og kjem ein vårdag til eit lite nyryddingsbruk i skogen der ho får teneste hjå ein enkemann med to unge vaksne søner.

Det blir etterkvart eit vanskeleg liv. Handlinga er vekselvis formidla gjennom Hannas og delvis gjennom yngstesonen Johannes, tankar og refleksjonar. Dei to blir dregne mot kvarandre, men Hanna veit at det kan bli svært vanskeleg. Ho har også ei vanskeleg fortid me etterkvart får innsikt i. Ho har ikkje fortald at ho er fant, det tør ho ikkje. Men storebroren, den drikkfeldige Harald, anar det etter kvart. Johannes har også eit vanskeleg sinn, og dei to brørne vert konkurrentar om Hanna. Utover sommaren kjem det stadig fleire fantar eller "reisande" til skogen der dei held sommarleir - og bydefolket øser seg opp vil bli kvitt dei. Situasjonen toppar seg på svært dramatisk vis.

Teksten er både poetisk og lettlesen, med stutte kapittel i ein litt hoggande stil. Lesaren få vekselvis innsikt i tankeverda til båe partar og forstend korleis samfunnet si førehands-dømming og negative innstilling til å snakke med folk, gjer at alle blir taparar i ein håplaus konflikt.

Del på facebook
Edvard Hoem:

Slåttekar i himmelen

Slåttekar i himmelen

Slåttekaren heitte Knut Hansen Nesje, men folk kalla han berre for Nesje, og jorda han bygsla over småbyen Molde, kalla dei Nesje-stykket. Slik startar romanen “Slåttekar i himmelen” og slik får vi presentert oldefaren til Edvard Hoem. Hoem held i denne boka fram med å fortelje om si eiga familie. Denne gongen er det oldefaren og hans liv og samtid som vert skildra. I “Heimlandet Barndom” (1985) skriv han om sin eigen oppvekst på garden Hoem og i “Mors og fars historie” (2005) skriv han om foreldra sine og deira ungdomstid.

Hoem hadde få fakta å bygge på om oldefaren. Men sjølv om eg kjenner dei viktigaste årstala i livet hans og har enkelte vitnemål om korleis han levde, var det ikkje nok då eg skulle skrive om han.Eg måtte dikte han fram av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar meg i håret og regnet som fall på markene og menneska i hans og mi tid 

Knut Hansen Nesje arbeider på storgarden Gørvell. Han har bygsla eit stykke jord på garden Reknes, og for bygslinga må han gjere pliktarbeid på Reknes. For å få arbeide på sitt eige jordstykke må han ta natta til hjelp.

Forteljinga startar i 1874 på 36 årsdagen til Nesje. Han er enkjemann på andre året og har også sonen Hans på fjorten år å ta seg av. Denne dagen møtte han Serianna som har kome til Molde for å søkje teneste. Den piperøykande Serianna gjer inntrykk på Nesje, så sterkt inntrykk  at det vert kjærleik, giftarmål og barnefødslar.

Gjertine, veslesøstra til Serianna, kjem også inn i historia. Ho kjem og hjelper til i heimen til Serine og Nesje under barnefødslar m.m. Om Gjertine får vi høyre at ho er ei sterk kvinne, at ho talte presten midt imot og at ho har evner utanom det vanlege: å stanse blod ved bønn. Ho håpa lenge å få Hans, sonen til Nesje, som mann, men han ville opp og fram og ei bondejente frå Romsdal var ikkje bra nok for han. Seinare giftar ho seg med ein annan, salmakar Ole, og reiser til Amerika.

I slekta til Serianna er det mange sterke og særprega menneske.Gjennom skildringa av deira liv lar Hoem oss få vi kjennskap til samfunnstilhøva, naturen og arbeidet både på prærien i USA og her heime.

Tida Hoem skildrar var ei hard epoke i Norgshistorien. Draumen om Amerika vaks fram og mange reiste i desse åra, også mange av Nesje og Serianna sine slektningar. Dei ville vekk frå slitet og det harde og kummerlege livet på gardane her heime. Men Nesje var ein nøysom kar som valde å verte verande i Norge sjølv om det var harde tider. Han var stolt over den 16 mål store jordlappen han bygsla, men han sleit for å få endane til å møtast. Han opplevde også at alle dei fire sønene hans på ulikt vis forsvann ut av livet hans. Ein reiste til Amerika før han var 16 år og ein vart sett vekk til den barnlause svigerinna og svogeren i ei anna bygd, berre 7 år gamal.

Skildringa av nybyggjarlivet i Midtvesten er noko av det beste i romanen. Hoem har vore i Sør-Dakota to gongar i samband med boka, så han har verkeleg sett seg inn i korleis dei hadde det der. Det var ikkje alle som fekk det betre i Amerika. Det vart mykje slit der også. Men Hoem fortel ikkje berre om slitet og vanskane, men også om gledene og alt dei fekk til.

Denne forteljinga kunne eigenleg handle om fleire. Mange av oss har slektningar som reiste til Amerika i denne perioden, og mange av oss stammar frå dei som sleit og kava på Vestlandsgardar. Med andre ord eit lite stykke Norgeshistorie.

Det var ei glede å lese “Slåttekar i himmelen”. Nydelig språk og noko lavmælt og lunt over heile boka. Vi føler både gleder og sorger og “kjenner” på ein måte kor hardt dei sleit. Å høyre boka som lydbok er sikkert ei oppleving for dei som vèl det. Ingen les vel betre enn Hoem. Når eg les boka “høyrer” eg heile  tida stemma til Hoem. Eg synes det var ei flott leseoppleving. Hoem skriv slik at ein berre må blade vidare til neste side. En sjelden vakker roman skriv Cathrine Krøger i Dagbladet, og eg kan berre slutte meg til det.

Del på facebook
Aina Basso:

Finne ly

Omslag Finne ly

En stemningsfull, historisk roman som tar oss med til Finnskogen i 1849. 

Vi møter unge Hanna, som er en rømt tukthusfange. Hun søker tjeneste hos en enkemann og hans to sønner. Mot at hun tar seg av husstell, matlaging og dyra, får hun til gjengjeld husly. Hun overlever. Men hun unnlater å fortelle om hvem hun egentlig har rømt fra, og heller ikke om sin bakgrunn som omflakkende i et romanifølge. Hemmeligheten gjør livet vanskelig.

Fortellingen starter med Hanna som jeg-person, men veksler med at yngstesønnen Johannes er jeg-person. Vi får vekselsvis følge deres tanker og følelser. Dessuten består endel av Hannas fortelling av tilbakeblikk fra hennes bakgrunn. Spenningen i boka bygges opp rundt konflikten mellom romanifolket og resten av samfunnet, og hvordan dette dette påvirker tilværelsen. De unges følelser for hverandre er også en betydelig del av fortellingen. Handlingen er realistisk og jordnær, men likevel dramatisk.

Forfatter Aina Basso har bakgrunn som historiker, og det gir handlingen og miljøskildringene troverdighet. Romanen er basert på en virkelig person, og sammen med et skildrende og levende språk, gjør dette boka både gripende og innsiktsfull. Basso har tidligere skrevet flere historiske romaner, blant annat Fange 59 som har mange fellestrekk med hennes siste roman.

Del på facebook
Chris Tvedt:

Av jord er du kommet

Av jord er du kommet

Det starter med en gammel mann som blir funnet drept ved huset sitt langt inne i skogen. Drapet har vært en ren henrettelse og politiet står helt uten spor. Etter en stund med resultatløs etterforskning blir saken nedprioritert og satt på sparebluss mens folkene omdisponeres til andre saker.

Kriposetteforsker Edvard Matre blir beordret til å ta med seg teamet sitt til Bergen, byen han forlot for mange år siden, for å assistere det lokale politiet som frykter de har å gjøre med en seriemorder. Samtidig får han den sjokkerende beskjeden om at det er funnet levninger som, ved dna-analyse, viser seg å tilhøre hans mor i en massegrav tilhørende Gaustad sjukehus. Sjokket skriver seg fra det faktum at begge Edvards foreldre omkom i en ulykke for mange år siden og ligger begravet sammen på en kirkegård i Bergen.

Det blir to parallelle etterforskninger. En kamp mot tiden for å få tatt morderen i Bergen før flere liv går tapt og en personlig søken etter å få vite hvordan det kan henge sammen at moren ble begravet i en massegrav i Oslo. Og hva skjedde egentlig med den gamle mannen i skogen? 

Chris Tvedt har skrevet en rekke kriminalromaner, og hans tidligere hovedperson, advokaten Mikael Brenne, dukker også opp i en birolle i denne historien. Tvedt vant Rivertonprisen for beste norske krim i 2010 og bøkene hans er oversatt til flere språk. Med denne boka overbeviser han igjen.

Del på facebook
Øyvind Vågnes:

Sone Z

Sone Z

Ved hjelp av ubemanna dronar, overvåker DeGarve grensa som held flytkningar ut av byen så vel som hunden som får sin regelmessige spasetur i det rolege finansdistriktet. Det er berre å trekke i snoret dersom han oppfattar ein situasjon som truande, og meir enn to personar samla i dei mørke timane er å rekne for ein farleg konstellasjon.
DeGarve har overvåka ovanfrå lenge, også etter eit langt arbeidsliv med spenning i lufta som pilot. Han har holdt ut vaktene i sone Z lenger enn andre og er beundra og respektert for sin innsats. Men korleis er sjølvbildet?
To kvinner kan gi oss svaret på det - den eine er si eige datter som no har forsvunne, den andre ei ung dame på eit hustak som han har begynt å få eit øye på no når han har fått vakter i sone B i tillegg.
Å sjå bilde er eit viktig element i alt Øyvind Vågnes skriv. Samfunnet som er observert her kan vere eit mørkt framtidssamfunn. Eller er vi der allereie?

Del på facebook

BIBLIOTEKET ER STENGT INNTIL VIDARE

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av