Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Øyvind Rimbereid:

Solaris korrigert

Bok-cover: Solarisk korrigert

Det går mot jul, og midt oppe i alt som skal vere klart innan julaftan får vi gjerne mindre tid til å lese. Men for oss som alltid treng å ha ei bok liggande på nattbordet, kan ei dikt- eller novellesamling vere løysinga. Eg har derfor lyst til å trekke fram Stavangerlyrikaren Øyvind Rimbereid og hans fabelaktige diktsamling Solaris korrigert som kom i 2004.

Det første diktet er eit omkring 40 sider langt episk framtidsdikt lagt til år 2480. Stemninga minner om George Orwells 1984: Høgteknologien har sigra, fantasi er straffbart og den autoritære staten har full kontroll over menneska gjennom eit strengt rangdelt klassesamfunn. Men det som ved første augekast er mest påfallande, er språket. Rimbereid skapar i titteldiktet eit slags framtidsnorsk, ei blanding av norrønt, stavangerdialekt, engelsk og nederlandsk, i tillegg til at han brukar forkortingar og samantrekningar som minner om sms-språk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom det multinasjonale samarbeidet i oljeindustrien?

Dei to siste delane av den tredelte diktsamlinga er skrive på rein stavangerdialekt. Del to består av eit dikt over 3 sider – Retrospeksjon – som tener som ei tidsreise frå år 2480 og tilbake til vår eiga tid. Dei 7 dikta i den tredje delen går føre seg i vår tid.

Eg-stemma i titteldiktet er ein slags arbeidsformann for robotar innan offshore i Organic 14.6, ein bydel i STAVGERSAND – ei samansmelting av Stavanger og Sandnes. Om robotane fortel han at: «DEIRS kollectiven/breyn er abstract/og exist onli millom dei, (...) DEI veit ne om/kverodder». Fordi samfunnet står i fare for å gå under, har Mrs. Chan, ei slags kvinnelig utgåve av Orwells ”Big Brother” bestemt at nesten heile 14.6 skal flyttas til ”seifa botten”- ein tom oljebrønn ute i Nordsjøen.  Solaris skal den heite, og her skal det projiserast bilete frå verda oppe i dagen. «FRA all siddys, fra kvar street, bygg, beach, fra mang og biggast skogs … DESSA picts kan endrast, skiftst, kan blandast all eftr wat wi i 14.6/vil og treng.»

Vår mann er tru mot systemet, og er derfor plukka ut som ein av dei første som skal stige ned til Solaris. Men han har ein defekt i hjernen som fører til «ein noko for staerck production af eigne pics» – altså han lagar for mange bilde i sitt eige hovud. Det fører til at han stiller seg kritiske og undrande spørsmål under  førebuingane til nedstigninga. Kva skil meg frå robotane? Kva vil skje om vi får kontakt med liv på andre planetar?

Det er ei utfordring å dekode teksten, og det krevjast ein viss konsentrasjon å lese den, men det er utruleg fasinerande. Det fremmedarta ved språket er med på å underbygge det sciencefictionaktige på ein glimrande måte, samtidig som at det gir ein fin driv og rytme i lesinga. For meg var språket det som først gjorde meg interessert i teksten, og eg måtte faktisk bruke mykje lenger tid på dei to siste delane - som ”berre” er skrive på stavangerdialekt - før eg fikk tak i heilskapen i diktsamlinga. Men det var det altså vel verd.

Del på facebook
Ida Lórien Ringstad:

Dette skjer ikke

Bokomslag Dette skjer ikke

Diktsamlingen Dette skjer ikke er Ida Lórien Ringstads forfatterdebut.

Diktene i antologien henger sammen med hverandre og samlet sett utgjør de en fortelling om ulike tema om hva som gir livet mening, og i tillegg til at hvert dikt kan stå for seg selv. Håper vi får mye god lyrikk fra henne i tiden fremover. Anbefales.

Del på facebook
Svanhild Amdal Telnes:

Om nettene brukar mor dråpeteljar

Om nettene brukar mor dråpeteljar

Det er like fantastisk kvar gong ein kjem over ei perle av ei bok. Og det er slett ikkje alltid den boka som coveret sel så flott med fine, fargerike bilde som viser seg å vere den perla.

Men så spørs det kva ein er ute etter, då. Og når det gjeld litterære skattar, ser vi med ulike briller. Likevel, av og til er det ganske uomtvistelig kva som er godt handtverk, kva som verkeleg er godt arbeid. Og debutanten Telnes viser seg absolutt å høyre til blant dei som beherskar diktekunsten. Det er ein tung materie ho arbeider seg gjennom, tunge minner frå ein øydelagt barndom. Ei dominerande og valdeleg mor, ein far som prøver å hjelpe dottera, men som ikkje er sterk nok til å stå opp mot mor. Og som om ikkje det er nok, ein storebror som forgrip seg på henne. Ho møter etterkvart kjærleiken, men det er for mange minner, for mange uløyste flokar i henne til at det kan vare. Minner som ho ikkje klarer å knuse, men som vevar seg inn i notida, som om mora har plassert dei der med dråpeteljar.Språket og oppbygginga av diktsamlinga understreker dette på ein imponerande måte. Dei språklege verkemidla som er brukte teiknar så tydelege bilde av kjenslene hennar at vi nærmast kan føle dei sjølv. Dette er å anbefale, også til den som ikkje er så godt bevandra i poesien si verd! 

Del på facebook
Ruth Lillegraven:

Urd

Urd

Ruth Lillegraven fikk Brageprisen 2013 for skjønnlitteratur for diktsamlingen URD. Nok en gang er det en verdig Brageprisvinner vi har med å gjøre. Dette er dikt som så absolutt fortjener å bli løftet fram.

Urd er ei diktsamling med 64 dikt som kan leses hver for seg, men som til sammen kan leses som en roman. ”Lyrisk-episk” heter det, poesi-roman kan det også kalles. Vi følger to kvinner i hvert sitt hundreår, med helt forskjellige premisser for livsvalg. Den yngste, Cecilie, er kalt opp etter den eldste, Seselja, og deres liv knyttes for alvor sammen når den yngste overtar Seseljas hus.

Den som griper meg mest er Seselja, ei enslig, barnløs ”attgløyme” som bor i kårboligen på farsgården. En gård hun ikke kan arve, siden hun er av hunkjønn. Søm blir Seseljas livsoppgave: eg er seselja / eg syr for alle / snakkar med alle / og kjenner alle / slik ingen / kjenner / meg.

Urd er ei hjertevarm, rørende og var bok som grep meg fra første dikt. I tillegg er det kvinnehistorie Lillegraven presenterer oss. At kvinnen som representer denne historien, er av det mer stillferdige slaget, er bare med på å gjøre boka sterkere og mer gripende.

Jeg klarte ikke å legge denne boka fra meg – og den sitter i meg ennå. Anbefales på det varmeste.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av