Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Fra livet ved kysten : kva gjer du på?

Fra livet ved kysten : kva gjer du på?

Her viser Roaldsnes oss mange av skattane vi har rett "utanfor stoveglaset" her i nordvest. I staden for den vante turen i butikken, kvifor ikkje heller fange middagen sjølv?

Finn Arne Roaldsnes er busett på Vestnes og har røtene sine ute på Nordøyane. Vi får følgje Roaldsnes gjennom eit heilt år, der han haustar av det naturen byr på både til lands og i vatnet. Kanskje er mykje av kunnskapen om korleis vi utnyttar naturressursane rundt oss i ferd med å bli borte. Korleis lagar ein vin av bæra i skogen? Kva med å lage krabbefest av eigen fangst? Her finn du oppskrifter og framgangsmåtar, rikt illustrert med flotte fotografi. Då vert det ikkje så farleg å prøve sjølv!

Naturen langs kysten får på denne måten sin velfortente takk for maten og for opplevingane den gir oss. 

Heftet er tospråkleg, med tysk omsetjing. Seinare vil også engelsk og kinesisk utgåve ligge føre, og fleire språk er aktuelle. 

Personleg har underteikna også ønske om at det vert TV-serie av dette!

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av