Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem
Laura Djupvik:

Kvitt

Kvitt

Det var tilfeldig at eg kom til å lese romanen Kvitt. Ein lånar leverte den inn og sa at "Denne boka var det noko med", så eg bestemte meg for å prøve den. Eg vart ikkje skuffa. 

Boka tek opp er eit mykje omskrive tema: "forboden kjærleik” mellom ei ung jente og ein vaksen mann, eller rettare sagt mellom elev/lærar.

Handlinga er lagt til eit kristent miljø på Vestlandet. Den går over eit skuleår og kvart kapittel tar for seg ein månad. Den eine hovudpersonen,Jill, snart 17 år, skal begynne andre året på vidaregåande skule, og kjærasten Kristoffer er klar for medisinstudier i Bergen. 

Jill er lei av kjærasten. Han er imot sex før ekteskapet, medan Jill ønskjer å prøve det ut. Forfattaren klarer å la oss føle lengten til den unge jenta som ikkje får utforske seksualiteten sin. Då Kristoffer reiser til Bergen for å studere, forelskar ho seg i den flotte rådgivaren/læraren Peder. Han er over 40 år, gift og har ei dotter som er eit år eldre enn Jill. Jill nyttar alle høve til å få kontakt/ kome i nærleiken av Peder. Han vert meir eller mindre motvillig dregen inn i forholdet. Vi får skildra deira møte på hytta hans, kontoret osv. Han prøver å stå i mot og prøver fleire gongar å forklare henne at dei må avslutte forholdet før det får avorlege følgjer.

"Det er farleg både for oss og andre". Peder slit med skuld og skamkjensle. Han er klar over kva farer dei utset seg for, og at han er den ansvarlege. Han prøver fleire gongar å gjere det slutt, men er for svak. Det vert aldri alvor av det før …

Det er ikkje aldersforskjellen som er det verste. Det er maktforholdet elev/lærar som er det største problemet. Djupvik skildrar makt, skuld og skam, begjær og ulovleg kjærleik, Boka er også ei forteljing om tap av uskuld. 

Forfattaren skriv godt, ho har eit flott nynorsk språk. Boka er velkomponert og har mange gode dialogar. Forteljarstemma vekslar mellom Peder og Jill, slik at vi får høyre begge sine tankar om forholdet. Slik vert vi godt kjende med hovudpersonane. 

Dette er absolutt ei bok eg kan anbefale! Kjekt å finne ein ny forfattar, og at ho skriv nynorsk er sjølvsagt også eit pluss! Boka kom ut på Kolon forlag hausten 2013 og er på 164 sider. Den er utgitt som ei bok for vaksne, men ungdom kan absolutt også lese den etter mi meining.

Laura Djupvik er frå Gurskøy på Sunnmøre. Ho er journalist og forfattar. Ho debuterte i 2004 med romanen Båten er så liten. Tre år seinare kom barneboka Hundre appelsiner og ein fiolin

Kvitt er altså Djupvik sin tredje roman. Ho er berre 44 år, så vi kan håpe å høyre meir frå henne i åra som kjem.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av