Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Maos rike : en lidelseshistorie

Torbjørn Færøvik:

Maos rike : en lidelseshistorie

Bokomslag Maos rike

Torbjørn Færøvik har med «Maos rike – En lidelseshistorie» gjeve oss historia som det offisielle Kina ikkje vil høyre.

Vi i Vesten har eit klart bilde av kva Hitler var skuldig i. Og vi veit noko om dei ufyselege brotsverka til Stalin. Mao sitt skrekkvelde har derimot vore meir tilslørt for oss. Men han fortener absolutt ein plass på denne «Skammens Pall», og så får dei tre gjera opp seg imellom kven som var aller verst.

Likevel: På Den himmelske freds plass i Beijing, i området der kinesiske studentar og arbeidarar vart massakrert etter demonstrasjonane for 25 år sia, heng det framleis eit digert portrett av formann Mao – «landsfaderen» for det kommunistiske Kina.

Vi veit ikkje kor mange som vart slakta ned for tjuefem år sia og styresmaktene gjer det dei kan for at folk skal gløyme at dette nokon gong hendte. Vi veit heller ikkje kor mange formann Mao var indirekte ansvarleg for at døydde. Og det offisielle Kina gjer, som nemnt, også sitt til at dette ikkje skal bli kjent.

Torbjørn Færøvik gjer tvert imot sitt til at det skal bli kjent. I «Maos rike – En lidelseshistorie» brukar han eit vidt kjeldemateriale for å få fram kva som verkeleg skjedde i dei rundt 30 åra Mao (van)styrte.

Færøvik fortel kva som skjedde da kommunistane tok makta i Kina og korleis Mao utøvde den i dei neste ti-åra. Mao var forfengeleg og maktsjuk og hadde idear som var rein dumskap. Dessverre fekk det dystre konsekvensar for kineserane: Ein reknar med at over femti millionar døydde som følgje av den brutale politikken i den tida Mao var ved makta.

Mange vart avretta i den tidlege fasen med maoiststyre og nokre vart lynsja da Mao sendte ut dei unge raudegardistane sine. Men langt fleire svalt i hel.

Og nokre overlevde ved å ty til kannibalisme.

Dette er likevel berre spekulative stikkord i ei bok som rommar langt meire; forteljinga om dei første tiåra til vår nye supermakt Kina. Og det er enno ein grunn til å lese Færøviks meisterlege skildring; Kina har store ambisjonar globalt og da er det greitt å vite meir om dette enorme riket. Og spesielt sia leiarane i Kina i dag leflar meir med Mao enn kva sunt er.

Og utanfor Kina, også her i Noreg, verkar det som fleire er villig til å oversjå det meste for å kome i (for)handlingsposisjon med Kina. Dei tilber nok ikkje Mao, men kanskje heller Mammon?

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av