Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Vente på fuglen

Frode Grytten:

Vente på fuglen

Bokomslag Vente på fuglen

Med 140 teikn pr. novelle tek Grytten oss med på ei reise gjennom livet. Boka er eit resultat av Twitterprosjektet til forfattaren, som gjekk ut på å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. Boka inneheld eit utval av dei beste novellene frå prosjektet. 

Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar): 
Skrike. Sove.Ete. Sove. NRK. Sove.NTB. 
Ete. Sove. TV2. Drite. Bade. Skrike. 
Sove. Ete. Sove. 

Så enkelt startar det, ikkje veldig poetisk, men det innheld akkurat det første linja lover. Boka held fram med barnet som veks til og blir ein tenåring med turbulente tenåringstankar: 

Face. Twitter. Skype. Mail. Chat. Blogg. 
iPhone. Gowalla. Google+. Og ikkje eitt 
einaste jækla ord frå verdas 
kleinaste kjæraste (15). 

Frå tenåringens svart/kvit-verd beveger vi oss inn i den vaksne verda, krydra med beisk humor og skråblikk på samfunnet vi lever i:  

Høgre-mann (35) står opp, fiksar frukost, 
sjekkar blodsukker, pussar tenner, oljar 
føter, skyl tarm, tar på blådress og går ut i 
tiggarfri by. 

Innimellom får vi, befriande nok, både halvdårlege vitsar og velbrukte ordspel, men desse er med på å gjere boka til det ho er. Lesbar! 

Rekneskapsførar (40) føler at han har 
noko uoppgjort med heile verda. Etter 
kvart viser det seg at han også har noko 
uoppgjort med Økokrim. 

Kjærleik har ein stor plass i boka og eg synest at novellene med ny kjærleik i halvgamle hjarte er  særs fine: 

Einaste ledige plass for kvinne (44) er ved 
bordet der mann (45) sit. Lenge før kaffi og 
dessert, er dei blitt jente (16) og gut (17). 

Alderdomen har og fått ein romsleg plass, både det å bli godt vaksen, å bli pensjonist og det å bli aleine er vakkert ordsett. Kanskje treff desse novellene hjartet på ein spesiell måte når ein sjølv er over midtvegs i livet?  

Språket i enkelt av novellene kan virke litt enkelt, og ordforrådet står innimellom ikkje heilt i stil med det Grytten brukar å levere i bøkene sine. Men, når du har 140 teikn til rådighet så må det nødvendigvis bli slik. Og det gjer ikkje boka sett under eitt dårleg, det berre beviser at forfattaren er ein ordsmed av rang! 

Alle gode ting har ein ende seiest det, og slik er det og med denne boka. Og Frode Grytten avsluttar slik: 

Han starta med to tomme hender. På det 
meste hadde han 350 hender i arbeid. No 
ligg han her, fullstendig avhengig av 
andres hender. 

Del på facebook

BIBLIOTEKET ER STENGT INNTIL VIDARE

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av