Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Yann Demange:

'71

'71

Spanande og tankevekkande krigsfilm frå konflikten i Nord-Irland. Regissør Yann Demange skildrar den komplekse konflikten mellom republikanarar og lojalistar med driv og intensitet. Dette er hans debutfilm som har vunne fleire prisar.

Hovudperson Gary Hook er ein del av dei britiske fredsbevarande styrkane som blir sendt til Belfast i 1971 for å prøve å dempe striden mellom katolikkar og protestantar. Dei ferske soldatane har knapt kome seg ut av patruljebilane før helvete bryt laus rundt dei. Gary blir skilt frå sine medsoldatar og forfulgt av folk som vil drepe han. Når natta og mørket fell på har han inga formeining om kor han er og korleis han skal finne tilbake til leiren. 

Det er ingen han kan stole på, den hemmelege britiske militære etterretninga driv eit ureint spel og er villige til å ofre ein av sine eigne.

Fluktscenene gjennom dei trange gatene er glimrande fotografert og regissert. Ikkje minst gjer Jack O'Connell ein stor prestasjon i hovudrolla som den unge soldaten som har verva seg for å få den familien han aldri har hatt. Han er ein fersk soldat med begrensa livserfaring, men vi får hint om at han sannsynlegvis har vore nøydd til å fighte seg gjennom ungdomsåra, og så hamnar han midt i borgarkrigen sitt helvete.

Vi ser korleis dei som prøver å halde seg utanfor stridigheitene brått kan havne i ein situasjon der dei blir sugd inn i malstraumen, korleis barn vert indoktrinerte og korleis dei mest militante kan finte ut dei meir moderate kreftene i ei konflikt og dermed gjere knuten endå strammare. Regissøren går ikkje djupt ned i politikken som danna grunnlaget for sjølve borgarkrigen, han er meir opptatt av kva den får fram i folk.

Men det er ein fordel å kjenne til hovudtrekka i dei historiske hendingane for å få fullt utbytte av filmen. Denne konflikta går i Storbritannia berre under betegnelsen "The Troubles". Noko som må kunne seiast å vere eit kraftig understatement. 

Eg var sjølv i Belfast for nokre år sidan og fekk høyre frå både katolikkar og protestantar om livet under "The Troubles", noko som gjorde inntrykk. Belfast er ikkje, slik ein kanskje kunne tru, ein by delt i to. Det er meir eit lappeteppe, der høge murar og politisperringar framleis i dag deler inn gater og kvartal i loyalist- og republikanar-konklavar. Sentrum er derimot rimelig fredlig og det er trygt å vere turist. Men det gjorde spesielt inntrykk på oss at vår irsk-katolske bussjåfør var ekstremt skeptisk til å køyre gjennom protestantiske bydelar, fordi han frykta for sitt eige liv dersom bussen med irske skilt skulle få motorstopp der.

Del på facebook
Mikkel Nørgaard:

Kvinnen i buret

Kvinnen i buret

Filmen er basert på den populære boka med same tittel av Jussi Adler-Olsen. Politietterforskar Carl kjem tilbake på jobb etter ei stygg skyteepisode. Ingen vil jobbe i lag med han, og han vert sett til å sortere uløyste saker ilag med den nye partnaren sin, Assad. Men i staden for å  gjere det dei blei sett til, byrjar dei å sjå på saka om den populære politikaren Mette Lynggard. For fem år sidan forsvann Mette Lynggaard frå ei ferje og einaste vitne til hendinga var den hjerneskada bror hennar. Saka vart etterforska og det blei konkludert med at dette truleg var eit sjølvmord.  Carl og Assad oppdagar feil i etterforskinga som fører dei inn på nye og interessante spor. Vi vert med på ei reise inn i dei mørkaste avkrokar av samfunnet og på sporet av ein forskrudd mordar

Filmen er ei spennande  og effektiv forteljing med få dødpunkt om ein hardnakka politietterforskar som er oppsett på å løyse ei sak ingen andre trur på. Vi heiar på helten vår Carl, som er svært godt spelt av Nikolaj Lie Kaas. Carl saman med den humørfylte Assad, er dei eit herleg og umake par.

For den som er glad i danske krimseriar som t.d. «Broen» er dette absolutt ein film ein må få med seg.

Del på facebook
Jane Campion:

Top of the lake

Top of the lake

I TV-serien Top of the lake får vi ei mørk og gripande historie som kombinerer krim, drama, fantastisk natur og sterke skodespelarprestasjonar. Serien er regissert av Jane Campion, fødd på New Zealand og busett i Australia. Ho er mest kjent for å ha laga filmen Piano frå 1993, som fekk tre Oscar-prisar. Top of the lake er produsert av BBC i samarbeid med Sundance Channel og har vore vist på TV2.

Handlinga går føre seg på bygda i New Zealand. Den vesle landsbyen Lake Top er ikkje større enn at alle kjenner alle. 12-åringen Tui veks opp med sin brutale, kriminelle far og sine to hardhendte halvbrødre. Ein tredje halvbror bur saman med mora hennar, som er av asiatisk opprinnelse. Serien byrjar brått og rystande med at Tui prøver å ta livet av seg ved å drukne seg i innsjøen. Ho blir redda i siste augneblink. Det viser seg raskt at ho er gravid. Men med kven?
Politikvinna Robin Griffin, som er spesialist på seksuelle overgrep, er tilfeldigvis på besøk hjå si sjuke mor i landsbyenHo vert kobla inn i saka, men før etterforskinga er avslutta forsvinn Tui, etter at ho har søkt tilflukt i ein merkelig leir for skadde, middelaldrande kvinner som er etablert utanfor landsbyen. Har ho frivillig gått ut i øydemarka? Er ho drepen? Eventuelt kvifor?
Top of the lake kan på mange måtar minne om David Lynch sin serie Twin Peaks frå byrjinga av 90-talet. Du får ikkje dei store action-scenene, men mykje underliggande uhygge som gjenspeglar den menneskelige ondskapen som ligg i botnen. Campion er meir interessert i indre liv enn i ytre handling, dialogane er flytande og overraskande, handlinga er dyster, men her finst også store dosar absurd komikk.

Del på facebook
David Koepp:

Secret Window

Secret Window

Johnny Depp spiller rollen som Mort Rainey, en bestsellende, skjønt nevrotisk krimforfatter som bor alene i et hus i skogen. Kona har forlatt han, han er deprimert og har skrivesperre. Og ting blir ikke bedre når det en dag banker på døra og John Shooter beskylder han for å ha kopiert en av hans noveller. Shooter vil ha oppreisning, og Mort tenker at han kan overbevise Shooter om at han skrev novellen for over et år siden. Han må bare finne en originalkopi av novellen før den korte tidsfristen Shooter gir han er ute.

Mystiske ting begynner å skje, og Mort prøver å finne ut hvem Shooter egentlig er og om det er han som står bak disse mystiske hendelsene.

Secret Window er basert på en krimnovelle av Stephen King, og det oser Stephen King av filmen.

Del på facebook
Jacques Audiard:

Profeten

DVD-cover til filmen "Profeten"

Den franske regissøren Jacques Audiard har vore ein av landets desidert viktigaste filmskaparar dei siste tiåra, med filmar som En meget diskret helt og Mitt hjertes tapte slag. Allikevel er det merkverdig få som kjenner til han utanfor Frankrikes grenser.

I filmen Profeten frå 2010 byggjer han eit sosialt og psykologisk drama opp som ein intens krimfilm, og sjeldan ser ein ei så sterk rolletolking som her vert gjeve av den unge skodespelaren Tahar Rahim (Malik). Fransk-arabiske Malik er dømt til seks års fengsel. Åleine, kun 19 år, og uten å kunne lese eller skrive, verkar han yngre og mindre hardbarka enn dei andre innsette. Pressa opp i eit hjørne av leiaren for den korsikanske gjengen som styrer innanfor murane, vert den sårbare ungguten gjeve ei rekkje "oppgåver" å utføre. Han blir tøffere og opparbeider seg gjengleiaren sin tillit. Malik lærer fort og klatrar i gradene, samtidig som han i løynd legg sine heilt eigne planar.

Audiard har lagt seg tett opp til ein dokumentarisk og sosialrealistisk stil som gjer at filmen får eit autentisk preg. Profeten er blitt omtala som ein hardbarka sjangerfilm i tradisjonen frå Goodfellas, og Audiard har fått mykje skryt fordi Profeten først og fremst er ein underhaldende og dyktig skapt thriller. Audiard har uttalt at han heilt klart satsa på å lage ein sjangerfilm som fengselsfilmen er, samtidig som dette heilt openlyst er ein systemkritisk film. Og ein film som også har lavmælte og poetiske trekk. Enkelte scener består av flakkande fantasibilder, og ute på permisjon kan hovudpersonens «criminal mind» plutseleg feste seg ved fuglesang, bølgeskvulp eller varmen frå ein baby.

Det som imponerer mest er likevel skodespelarane. Tahar Rahim er ei openbaring i rolla som Malik, med eit uskuldsreint ansikt som gradvis hardnar til inne i fengselsjungelen, der han mellom anna vert løpegut for den korsikanske mafiabossen Luciano, også glimrande spela av Niels Arestrup. Han er sint, farlig og ynkelig desperat på samme tid.

Bloggar og filmekspert Brita Møystad har uttalt at livet er for kort til å sjå franske filmar. Eg trur eg har henne med meg på at det gjeld ikkje for denne! Dette er ingen typisk ”fransk film”. Det er derimot ein storslagen, underhaldande thriller av ein fengselsfilm som både er sjangertru og nyskapende på ein og samme gong.

Del på facebook
Fernando Meirelles:

The constant gardener

Cover The constant gardener

Morgonmedisinen blir ikkje den same etter å ha sett The Constant Gardener, ein dramatisk thriller frå 2005 av den brasilianske regissør Fernando Meirelles, basert på boka Den evige gartneren av John le Carré.

Ein diplomat møter kona si under ei forelesing, der han er forelesar og ho er både student og aktivist. Etter at dei blir gift, får anlegget sitt for å skape hagelandskap fritt spelerom, medan hennar sitt engasjement tek ei ny vending. Mellom plantinga og vanninga blir ikkje han merkam på dette, inntil det kan vere for seint. Når han innser alvoret og legg frå seg planteskeia, viser det seg at det kan vere fleire årsakar til at ho har forsvunne. Han tek i bruk alle dei hjelpemiddel ein diplomat har tilgang til, men dette vil ikkje utan vidare seie så mykje når den mektige legemiddelindustrien også er aktiv. Ein heilt realistisk og truverdig kamp på liv og død med Ralph Fiennes og Rachel Weisz i hovedrollene. Gb. Engelsk tale, norsk tekst.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av