Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Siddiq Barmak ; Julie Bertucelli ; Byambasuren Davaa og Luigi Falorni:

Nye innblikk på Austen - tre filmar

  

Cover Osama
Tiden+etter+Otar
Cover Historien om den gråtende kamel

Osama
Det er meget sjeldan det vert produsert film i Afghanistan, og det er sjeldan at ein enkel film vekkjer så mange kjensler hos ei så brei målgruppe. Handlinga følgjer ei 12-årig afghansk jente og mora hennar som misser arbeidet då Taliban-regimet stengjer sjukehuset. Ved innføring av stadig større avgrensingar på kvinnene si rørselsfridom, må den unge jenta kle seg ut som gut. Osama er eit arabisk gutenamn mange kjenner. Utroleg nok, har regissør Siddiq Barmak plukka ut ei jente frå gata til å spele hovedrolla. Amatøren Marina Golbahari er fullstendig truverdig og leverer eit glitrande spel. Filmen vekker sinne og avsky, men overrasker og gleder. Det er mest kameraarbeidet til Ebrahim Gharfuris som gjer at ein blir berørt, i det han fangar opp og verkeleggjer desperate situasjonar og fattigslege forhold. Sett i forhold til verkelegheita vi kjenner, er filmen ikkje overraskande laga etter Taliban-regimet sitt fall. Det som kan overraske derimot, er at Iran har lånt midlar og bidratt artistisk og teknisk til realiseringa.

Laga i 2003. I det filmen ikkje er utgitt som dvd i Norge, er teksten på engelsk.

Tiden etter Otar
I denne filmen er blikket på ein immigrant til Vesten snudd på hovedet. Vi ser korleis den fattige familien i Tblisi, hovedstaden i Georgia, opplever det når hovedpersonen blir emigrant til Frankrike. For familien er tida delt mellom før og etter Otar reiste. Breva frå Otar er lysglimta i tilvera, og Vesten vert framstilt som oppriktig og god. Med tida blir breva mytiske, og deretter falske. Som i Osama, er enkle forhold gjort truverdige på ein vakker måte. Idyllen vert gradivis komplisert av uvissheit. Filmen spenner over tre generasjonar, med kvar si handling, og fokuserer sterkt og subtilt på opplevingar og tankar hos kvar av representantane for desse generasjonane. Filmen endar oppkvikkande nok, men dette er ein skjør film om menneskeliv. Prosjekta kunne lett ha vore mislykka utan den gode balansen mellom medynk, humor og realisme. Sentralt blant dei tre hovedrolleinnehavarane er Ester Gorinthin, ny som skodespelar sidan ho vart 85. Filmen er australsk. Det er verdt å merkje seg at regissøren er Julie Bertucelli, assisterande regissør av Blå (Kieslowski).

Fransk tale, norsk tekst.

Historien om den gråtende kamel
Filmen er som Osama, ein heilt uventa suksess som vant gjeve prisar og blei nominert til Oscar 2005. Filmen var i utgangspunktet ei studentoppgåve, men dokumentarprosjektet vakte stor oppsikt både blant presse og publikum verda over. Vi er på det mongolske slettelandet og det er vår. Den lille kamelen Botok kjem til verda under den viktige kamel-kalvingstida. Men Botok er ikkje den same farge som dei andre kamelane, og ein må ty til underlege midlar for at mora skal ta han til seg. Historia kan virke banal, men få er dei som ikkje hatt blitt grundig sjarmert av denne historia. Ein ser ein kultur der dyr og menneske er avhengig av kvarandre for at ein skal overleve, men samarbeidet gjeld tydelegvis også skodespelartalentar! Tysk produksjon. Studentane Byambasuren Davaa og Luigi Falorni er ansvarelege for foto, manuset og redigeringa, d.v.s. det meste.

Mongolsk tale, norsk tekst.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av