Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Michel Hazanavicius:

The Artist

The Artist

Hollywood 1927: George Valentin er den store stjerne, der i alle sine film klarer de utroligste udfordringer sammen med sin terrier Jack. Ved et tilfælde støder han ind i Peppy, som er kommet til Hollywood for at blive filmskuespiller og dette møde bliver afgørende for begge. George får hende med i sin næste film og giver dermed Peegy en god start på klatreturen op ad rangstigen.

Samtidig begynder studierne at eksperimentere med talefilm men George nægter at se talefilm som andet end et modefænomen. Han bliver arbejdsløs og prøver derfor at finansiere og instruere en stor stumfilm med sig selv i hovedrollen. Peggy har mod på det nye medie, og takket være hendes stil og talent kravler hendes navn op ad rollelisten for til sidst at ende som den nye stjerne.

«The Artist» (2011) rummer egentlig ikke noget nyt. Faktisk er det en meget gammeldags film med en fortløbende handling, fortalt i sort/hvid og uden tale. Historien er også set før: «En stjerne fødes», «Sunset Boulevard», «Singing in the Rain” og flere andre film beskriver den samme periode. Men mangelen på tale og brugen af sort/hvid får tilskueren til at koncentrere sig om andre ting og her bliver man belønnet. Der er tale om en utrolig præcis film: Scenerne er gennemkoreograferede og brugen af bygninger i Los Angeles, kostumer og musik er afstemt ned til mindste detalje. Der er fornemme skuespillerpræstationer og en enkel men medrivende handling og det samlede resultat er en fuldt fortjent succes hos både publikum og kritikere.

Filmen vandt 5 Oscars, Gyldne Palmer og mange andre priser. Min eneste anke er, at hunden Uggie ikke fik en Oscar som bedste dyr.

Del på facebook
Laurent Tirard:

Petit Nicolas

Cover Petit Nicolas

Petit Nicolas er ein meget sjarmerande familiefilm som har ein forstad i Paris på 1960-talet som bakteppe. Nicolas plukkar opp informasjon og tolkar den som små gutar gjer. M.a. overhøyrer han at det kan bli ein ny ankomst i huset. Dette må jo bety at han skal få eit søsken. Samtidig går det rykte på skulen om eit eventyr, der eldre søsken blir forlatt i skogen for å lage plass til nye barn. Nicolas klekk ut ein original plan for å redde seg sjølv saman med klassekameratane, og heile forstaden får merke det.

Filmen lykkast på ein glimrande måte å sjå omverda frå ståstaden til dei unge gutane, som er fremragande skuespillere med kvar sin personlegheit. Små, morsomme filmklipp viser korleis dei resonnerer i og utanfor klasserommet.  Presentasjonen av dei medvirkande i filmen er eit kunststykke i seg sjølv. Filmen anbefalast på det varmaste for alle som er glad i barn. For barn vil filmen minne om En pingles dagbok. Laurent Tirard står for regien og mykje av manuset. Filmen (frå 2009) er distribuert i Norge med engelske undertekster, men handlinga fortel det meste.

Del på facebook
Robert Zemeckis:

Who Framed Roger Rabbit

Cover Who Framed Roger Rabbit

I år er det 25 år siden filmen “Who Framed Roger Rabbit” eller ”Hvem lurte Roger Rabbit” som den kalles på norsk, hadde premiere. I den forbindelse er det kommet en ny utgivelse av filmen på DVD. Siden jeg selv hadde hørt mye om filmen, men aldri sett den så var det en fin anledning til å se hva jeg hadde gått glipp av.

Året er 1947 og handlingen finner sted i en alternativ versjon av vår verden hvor tegneseriefigurer er høyst levende og jobber side om side med mennesker i filmbransjen. Bob Hoskins spiller Eddie Valiant, en alkoholisert privatdetektiv som blir viklet inn i en sak hvor tegneseriefiguren og skuespilleren Roger Rabbit blir feilaktig anklaget for et mord.

Filmen er ganske morsom og herlig politisk ukorrekt. Hvis man er på jakt etter en original animert film som positivt skiller seg ut fra filmene til Disney så finner man det her. Samtidig blir blandingen av humoristiske ablegøyer og mer alvorlige hendelser og tema litt underlig. I det ene øyeblikket føles det som å se på en vanlig tegneserie på tv, i det neste så heller noen i seg whiskey, eller noen blir skutt, eller en tegneseriefigur blir oppløst i en slags syre av skurkene.

Dette høres mye alvorligere ut på trykk enn det er i filmen, som jo er veldig morsom, men den til tider litt skrudde handlingen gjør nok at filmen fortjener sin aldersgrense på 11 år.

For alle de som ikke har fått med seg denne filmen, eller som jeg, var for ung da den først ble utgitt (1988), så kan jeg klart si at den er verdt å få med seg. Det er en film som fremdeles fremstår som original og nyskapende.

Del på facebook
Wes Anderson:

Moonrise Kingdom

Cover Moonrise Kingdom

Nostalgisk og underfundig barndomsskildring

I denne filmen frå 2012 tek Regissør Wes Anderson for seg det vesle øysamfunnet New Penzance utanfor USAs nordlige austkyst, og fortel historia om speidaren Sam. Sam forlet sommarleiren for å møte sin hjartans utkåra, nemleg bokormen Suzy. Dei vil tilbringe sommaren saman, gøymt vekk frå alle som står i vegen for kjærleiken deira. Ein veldig storm, både i form av brysomme foreldre, speiderleiarar og veret, truar dessverre i horisonten.

Tonen i filmen varierer mellom avslappa lakoniske scener og hektisk aktivitet i høgstemt melodrama. Heile filmen har eit gyldent, smått uverkeleg skjær over seg, noko som står godt til den nostalgiske barndomsskildringa.

Viss du ikkje har sett film av Wes Anderson før så er dette ein bra film å begynne med. Han har eit særprega grep om typer, historie, musikk og stemning som på sitt beste har skapt underfundige og fargesprakende filmperler.

Del på facebook
Joe Cornish:

Attack the block

Cover Attac the Block

Herleg sjangerparodi med ein dose alvor.
Moses er leiar for ein liten gategjeng i Lambeth i Sør-London. Ein kveld gjengen held på å rane ei kvinne, blir dei angripne av ein merkeleg skapning som har falle ned frå himmelen. Dei klarer å drepe den, men snart dukkar det opp fleire vesen, berre endå større og tøffere enn det første. Gjengen har vore ute ei vinternatt før og dei samlar det dei har liggande av våpen og dreg for å stoppe det som viser seg å vere inntrengarar frå verdsrommet.

Attack the block (2011) er ein heseblesande, morosam og blodig leik med actionkomedie og science fiction som sjanger. Men filmen har også til dels treffande kommentarar til sosiale tilhøve i dagens Storbritannia som bonus. Vel er gjengen ute på skråplanet, men når nabolaget er trua utanfrå, nøler dei ikkje med å forsvare det. Filmen tek likevel ikkje seg sjølv altfor høgtidleg. Den er først og fremst laga for å underhalde – og det klarer den heilt fint.

Det er synd at ein slik film aldri fann vegen til norske kinoar, men no kan du altså låne den i biblioteket!

Del på facebook
Hae-jun Lee:

Castaway on the moon

Cover Castaway on the moon

Original filmperle frå Sør-Korea

Castaway on the Moon (2011) handlar om ein mann som prøver å ta livet av seg, men mislukkast og hamnar på ei ubebodd lita øy i Hanelva, midt i sentrum av Seoul. Han blir ikkje etterlyst eller funnen, og må klare seg sjølv. Den eineste som veit om han er ei kvinne som ikkje har vore ute av rommet sitt på fleire år. Ho får tilfeldigvis auge på han ved hjelp av telelinsa på kameraet sitt. Derifrå utviklar eit merkelig vennskap seg, på avstand, gjennom kamera og flaskepostar. Både han og ho heiter forresten Kim.

Denne filmen har både ustyrtelig morosame scener og fantastiske skodespelarar, i tillegg til at den har eit bodskap den vil formidle. Konsekvensane av urbaniseringa er tydeleg når vi ser Kim springe rundt på den vesle øya si omringa av all mulig slags søppel. Samfunnskritikken er ikkje påtrengande men passar naturleg inn i historia og filmen sin øvrige tematikk.

Vi får fortalt ei inderleg historie om desse to personane som er isolerte frå resten av samfunnet. På den eine sida har du mannen Kim, som nærast går tilbake i tid ved å vere stranda på øya si. Kvinna Kim derimot isolerer seg sjølv på rommet sitt, der internett er hennar livline. Den fortvilinga som desse karaktarne føler overfor eit samfunn som tvingar dei til isolasjon, er noko eg finn veldig gripande.

Castaway on the Moon er ein film med djupne og brodd. Den står fram som kreativ, original og intelligent, samtidig som den er passe sprø og underhaldande. Dette er ein film du verkelig bør få med deg!

Del på facebook
Ricky Gervais og Stephen Merchant / David Koepp:

To ganger Ricky Gervais: Extras og Ghost town

Cover Extras

Britiske Ricky Gervais er både komikar, skodespelar, regissør, forfattar og meir til. Han er mest kjent for å ha skrive og regissert komedieserien Kontoret (The Office) saman med Stephen Merchant. Han spelte også hovudrolla i denne serien.

Gervais og Merchant perfeksjonerte tulledokumentar-sjangeren med Kontoret, både i innhald og form. Denne serien har fått avleggarar både i USA og her heime (Etaten, NAV). I Extras har dei lagt seg på ein litt anna stil, ei meir standard dramatisk form som liknar på sit-com. Den originale vrien denne gongen er at kvar episode har med ein kjent skodespelar eller artist som gjestestjerne. Han eller ho spelar seg sjølv - eller snarare ein bisarr, forvridd versjon av seg sjølv.

I Extras spelar Gervais Andy Millman som er profesjonell statist på film og TV. Han spelar ein av dei som går forbi i bakgrunnen medan handlinga foregår i framgrunnen. Men i følge han sjølv er han skodespelar, han har berre ikkje klart å få seg taleroller enno - sidan han slutta som bankmann for tre år sidan. Ein av grunnane til det er at han ikkje akkurat ser ut som Brad Pitt. Ein anna er at agenten hans (Merchant) er fullstendig blotta for talent, intelligens og arbeidsvilje. Likevel slit Andy seg frå jobb til jobb som statist, og må lide seg gjennom idiotiske møter med sin sokalla agent.

Eg synest at Gervais mestrar kunsten å vere så slem som mulig utan å trakke over streken. Slemme tankar er morsomme fordi vi ikkje seier dei høgt. Gervais har nettopp spesialisert seg på å seie desse onde tankane høgt. Dette gir hovudpersonane hans eit usympatisk preg. Samtidig har denne sosiale ubehjelpeligheita noko djupt menneskeleg ved seg, som gjer at vi føler ei slags omsorg. Underdogposisjonen gir muligheit for å vere heilt motbydelig frekk og uvøren overfor omgjevnadane uten at vi føler avsky. Vi ler ikkje av The Office-hovedpersonen David Brent sine rasistiske vitsar. Vi ler av at idioten David Brent fortel rasistiske vitsar til sin pakistanske kollega.

Alle personane i Extras er - som i The Office - berre bittelittegrann overdrevne. Det er ingen tydeleg oppdikta karakterar her, eller urealistiske rammer for handlinga. Det heile er lett gjenkjenneleg, kvardagsleg og av og til litt trist. Dette gir ein fin dynamikk, og når gagsa sitt så godt er det fordi dei er ekte - som å oppleve stor humor i det verkelege liv. Biblioteket har sesong 1 og 2 av denne serien.

Eg var litt skeptisk til Ricky Gervais i ei romantisk komedie som Ghost town, men eg synest han klarer å dra i land denne rolla også.

Bertram Pincus (Gervais) vert erklært klinisk død i 7 minutt når det oppstår komplikasjonar under ein rutineoperasjon. Bertram har levd eit stille og tilbaketrekt liv og han trivast best i eige selskap. Tannlegepraksisen har han drive på autopilot, og han har snakka minst mulig med pasientane sine. Når han vaknar opp igjen etter operasjonen tek livet hans ei brå vending, - han har fått evna til å sjå døde menneske. Han som ikkje taklar levande menneske ein gong!

Som om ikkje det var nok så ønsker dei døde hjelp av han for å gjere bot og kome vidare i døden. Verst av dei er Frank Herlihy (Greg Kinnear) som vil at Bertram skal få fjerna den nye kjæresten til enka hans. Bertram forelskar seg naturligvis i enka, noko som byr på problem når han har både ein levende og ein død rival å hamle opp med.

Innhaldet i denne filmen er på ingen måte så nyskapande som i The Office og Extras, her er kjente ingridiensar som kjærleiksforviklingar, intriger og feel-good humor. Dette er lettbeint komedie, men Gervais spelar ypperlig som antisosial tannlege. Han byr på typisk tørr, britisk humor – noko som virkar forfriskande og gir litt ”edge” i denne lett sentimentale sjangeren. Filmen er både koselig, artig, litt trist, og med happy end, samtidig som den er skriven og regissert med intelligens og vidd.

Del på facebook
Grímur Hákonarson :

Sommerland

Cover Sommerland

Varm komedie frå Island

Hovedpersonen Oskar køyrer rundt i ein gammal kassebil med eit plastskjelett på taket. Han bur i eit kråkeslott saman med ei kone som snakkar med dei døde, ein son med usynlege venner og ei dotter i puberteten som synest alt er ganske flaut.

Det går ikkje bra med familiebedrifta og kreditorane vil tvangsauksjonere bort alt dei eig. Men så kjem det to tyske turistar på besøk som er svært interesserte i ein alvestein Oskar har i hagen sin og som tilbyr ein enorm pengesum for å få kjøpe den. Problemet er berre at kona trur alvane er ekte og at desse er kjelda til dei overnaturlige evnene hennar. Ein journalist som hevdar at alt berre er lureri gjer heller ikkje saka betre.

Etter at Oscar har selt alvesteinen blir kona sjuk. Legane klarer ikkje å finne ut kva det er, og Oscar byrjar å lure på om det kanskje er noko mellom himmel og jord som ikkje let seg forklare.

Sommerland (2011) er ein stillferdig film med lavmælt humor og tragikomiske situasjonar. Under ligg refleksjonar og kritikk av kapitalismen sitt mantra om at alt kan kjøpast og at pengar gjer deg lykkeleg – kva skjer med folkesjela når røtene forsvinn? Filmen fungerer bra som eit bilde på utviklinga av den nyliberale mentaliteten på Island, der gamle verdiar blei kasta på sjøen. Nokre gonger blir Sommerland litt for overtydeleg i samfunnskritikken, men den sluttar aldri å vere underhaldande.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av