Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Kampen mot okkupasjonsmakta - tre filmar

Joachim Rønning og Espen Sandberg ; Ole Christian Madsen ; Krisztina Goda:

Kampen mot okkupasjonsmakta - tre filmar

Ein kan sjå på Max Manus og Flammen og Citronen som delar av ei internasjonal bølgje som omhandlar den andre verdskrig og dei siste tidsvitna sine historier. I desse tilfelle står sentrale delar av motstandshistoria til det okkuperte Skandinavia i fokus. Children of glory fell også innanfor tidsvitneperspektivet, da ein kan framleis møter personar involvert i hendingane. 

Max Manus cover dvd

Max Manus blir i stor grad eit heltebilde av nettopp Manus, der spenninga er knytt til ei kronlogisk opptrapping av motstand frå munnleg opposisjon til blodig kamp. Gjenskapinga av t.d. Viktoria Terrasse, Oslo hamn, gatebilda og nærveret av okkupasjonsmakta på 1940-talet er særs godt gjennomført i filmen. Berre Manus overlever, men ikkje utan psykisk skade. Det er takka vere skodespelarprestasjonen at filmen blir så vellykka.

Flammen og Citronen kan likne Max Manus. Ei gruppe motstandsmenn - medlem av Holger Danske – likviderer kollaboratørar og nazifolk, med ei truverdig gjenskaping av København med opptøyane i 1944 som bakteppe. Men det er den tematiske likskapen mellom desse to filmane so

m gjer det muleg å sjå den store forskjellen mellom dei.

Max Manus, Gregers Gram og dei andre oppnår stadig større heltestatus på bekostning av tyskarane og hirden i Max Manus. Den minst like dramatiske Flammen og Citronen har derimot ein sterk dimensjon av personlege dilemma. Vi blir etter kvart usikre på om radarparet er på rett veg. Undergrunnsrørsla blir kalla for terroristar av okkupasjonsmyndigheita, og vi reagerer ikkje på det, når det viser seg at undergrunnsrørsla kan ha tatt uskuldige liv.

Flammen og Citronen cover dvd

Flammen og Citronen forlét ein aldri motstandsgruppa, for spenninga ligg i relasjonane mellom medlemane. Eit uoversiktlege kaos av løgnar, mulege dobbeltspel og motsigande opplysningar gjer at det blir vanskeleg å skilje allierte frå fiendar etterkvart som aksjonane blir stadig meir blodige.  

Children of glory opplev vi eit valdsamt, men til slutt ulukkeleg opprør mot Sovjetunionen i Budapest sine gater i 1956, der også kvinner og ungdom er like engansjerte i dette ekstraordinære siviloppgjer mot verdas største hær. Til liks med Max Manus, her er ikkje det noko på det psykologiske planet som sår tvil rundt kven som er den gode og kven som er den onde.

Children of glory cover dvd

Men til forskjell frå Max Manus, som får tydeleggjort sin heltestatus som solist ved at han blir stadig heimsøkt av tilbakevendande bilde frå Vinterkrigen i Finland, der han var frivilleg, representerer revolusjonshelten i Children of glory heller ein nasjon. Dette gjerast ved at han, etter å ha vitna blodbadet i Budapest der kjærasten blir igjen. er med og påfører Sovjetunionen eit audmykande tap i vannpolo på veg til ein OL gullmedalje i Melbourne berre veker etterpå.

Max Manus og Flammen og Citronen er enkeltståande historier i den gigantiske hendinga Andre verdskrig, som seint vil gå i glemmeboka. Children of glory derimot kapitiverer eit drama meir intens enn dagens Syrias i dei 12 dagane det varte, som tok heile verda med storm, og som sidan har gått heilt  glemmeboka. 

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av