Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Moonrise Kingdom

Wes Anderson:

Moonrise Kingdom

Cover Moonrise Kingdom

Nostalgisk og underfundig barndomsskildring

I denne filmen frå 2012 tek Regissør Wes Anderson for seg det vesle øysamfunnet New Penzance utanfor USAs nordlige austkyst, og fortel historia om speidaren Sam. Sam forlet sommarleiren for å møte sin hjartans utkåra, nemleg bokormen Suzy. Dei vil tilbringe sommaren saman, gøymt vekk frå alle som står i vegen for kjærleiken deira. Ein veldig storm, både i form av brysomme foreldre, speiderleiarar og veret, truar dessverre i horisonten.

Tonen i filmen varierer mellom avslappa lakoniske scener og hektisk aktivitet i høgstemt melodrama. Heile filmen har eit gyldent, smått uverkeleg skjær over seg, noko som står godt til den nostalgiske barndomsskildringa.

Viss du ikkje har sett film av Wes Anderson før så er dette ein bra film å begynne med. Han har eit særprega grep om typer, historie, musikk og stemning som på sitt beste har skapt underfundige og fargesprakende filmperler.

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av