Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Pinnsvinets hemmeligheter

Pinnsvinets hemmeligheter

Denne filmen er basert på Muriel Barbery si bok Pinnsvinets eleganse. Den sjølvmotseiande tittelen (for kor elegant er eigentleg eit pinnsvin?) viser til portnerfrua Renée, som bak sin fasade som uvitande og usynleg, skjuler klokskap og visdom. 

Trass i at Renée prøver å halde folk på avstand, kjem den 12-årige rikmannsdattera Paloma inn under huda på henne - og omvendt. For Paloma kjenner seg ikkje heime i sin eigen overfladiske familie. Ho vil lengst mulig vekk frå dei og planlegg å ta livet sitt.

Paloma vert vi godt kjende med gjennom dei mange dagboktekstane ho skriv. Her avslører også ho klokskap og ein djupare innsikt enn ein forventar av ein 12-åring. Truleg er det dette som gjer at ho klarer å trenge gjennom skalet som omgir den 54 år gamle Renée. Venskapet som oppstår mellom dei to gir livet ei ny og uventa vending for dei begge. Faktisk kan det også vere rom for å oppleve kjærleik igjen ...

Både filmen og boka anbefalast på det sterkaste. Hollywood glimrar befriande med sitt nærvere, og karakterane er ekte menneske ein vert glad i. 

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av