Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Winter's bone

Debra Granik:

Winter's bone

Winter's bone

Opprivande, rørande, tankevekkande og nesten magisk. Debra Graniks filmatisering av Daniel Woodrells roman fortener alle disse karakteristikkane. Då filmen kom ut i 2010, fekk han også strålande kritikkar. Ikkje så rart, synest eg.

17-årige Ree er ei heltinne av dei sjeldne. Med ein sporlaust forsvunnen far og ei psykisk sjuk mor har ho hendene fulle med å ta seg av sine to mindre sysken. Når ho så får vite at faren har pantsett huset deira, og at myndigheitene tek huset frå dei om han ikkje melder seg til politiet innan avtalt tid, har ho ikkje anna val enn å ta opp jakta på han. 

Det hardbarka hillbilly-miljøet i Ozark Mountains, USA, viser seg frå si minst venlege side når Ree startar jakta på den kriminelle faren sin. Her er vi langt vekke frå Hollywood, her er rått, grått, brutalt og kaldt. Spenninga er intens, og tenåringsjenta Ree vert sett på mange harde prøver.

Filmen er nominert til fire Oscars, mellom anna for beste hovudrolle. Jennifer Lawrence debuterer på lerretet med denne filmen, og gjer ein svært truverdig figur som Ree. 

Del på facebook

Opningstider 

Måndag 9-15.30  
Tysdag 14-19  
Onsdag 9-15.30  
Torsdag 14-19   
Fredag 9-15.30  

Kontakt

Tlf.: 71 17 15 72
Epost: biblioteket@aukra.kommune.no

Vi blir inspirert av