Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Johannes Jensen tar nattoget

Det er berre eit drygt år sidan Johannes Jensen tar nattoget kom ut, men eit lag av nostalgi kvilar allereie over utgjevinga. Dei statsbane-kulørte togsetta utstrålar ei stemning frå ei svunnen tid.

Boka høver nok aller best for oss engstelege. Å ta nattoget gjennom Drammen og like til Bergen for å fare på likningsfunksjonær-konferanse kan vere ei tøff påkjenning, jamvel for ei humanoid krokodille som Johannes Jensen. (Eg har sjølv vore på konferanse i Bergen, og det var ingen spøk.)

Heldigvis får helten vår dele sovekupé med doktor Fjeld. Doktor Fjeld er ein stø elefant som kombinerer fagleg tyngde med personleg integritet. – "Det hjelper å øve", seier doktoren. – “Og i tunger stunder hjelper det å tenke på sjokoladekake.”

Boka blir kanskje litt gamalmodig eller veslevaksen for 5- til 7-åringane som boka er meint for? (Doktor Fjeld les “Mørkets hjerte” i overkøya på togturen). Men for oss som er litt over gjennomsnittet gamal- og reddvorne, er det ei svært fin bok. 

(PS: Trikset med å tenke på sjokoladekake fungerer ikkje "in real life". Men det er gjerne ei av oppgåvene til barnelitteraturen; å gje von om at sjølv fagkonferansar i Bergen er kan handterast med enkle grep?)

Del på facebook
Karen Levine:

Hanas koffert

Hanas koffert

Ei skuleklasse får omvisning på eit Holocaustsenter i Tokyo i Japan.

Dei vert spesielt opptatt av ein mørkbrun koffert som det står tydeleg namn på.

Hana Brady,16-mai 1931 og waisenkind, står det på den. Waisenkind er tysk og tyder foreldrelaus.

Kofferten kjem frå konsentrasjonsleiren i Auschwitz.

Fumiko Ishioka, leiaren på holocaustsenteret starta jakta på historia bak kofferten. Ho finn ut at kofferten høyrde til ei jødisk jente, Hana Brady som vaks opp i Tsjekkoslovakia. Vi får høyre om korleis ho hadde det før okkupasjonen og kva som hende med både faren og mora. Historia tek oss til slutt til Canada.

Boka er basert på ei sann historie som foregår i tre verdensdelar over ei periode på nesten sytti år. Vi får sjå bilde av Hana og teikningar som ho teikna då ho og broren budde i Theresienstadt, ein jødisk getto i Tsjekkoslovakia. I 1942 vart ho og broren sendt til Auschwitz.

Dette er ei verkeleg god bok, ei rørande forteljing, engasjerande og tankevekkande.

Boka er lettlest og passar både for born og ungdom som vil lære meir om andre verdenskrig og korleis det var for jødane før og under okkupasjonen.

Boka er gitt ut i 50 land, og har fått over 50 litterære prisar.

Del på facebook

Opningstider Elnesvågen

Måndag  11.00  - 19.00
Tysdag 11.00 -   16.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

Opningstider Eide

Tysdag 11.00 - 16.00
Onsdag 14.00 - 18.00
Torsdag 13.00 - 16.00

Tlf.: Elnesvågen 71262880

Tlf.: Eide 71296476

Epost: bibliotek@hustadvika.kommune.no

Vi blir inspirert av