Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Jørn Lier Horst:

Operasjon sommerøya

Operasjon sommerøya

Dette er ei ny bok i serien om Detektivbyrå nr.2. I denne boka er det sommar, og ein dag oppdagar Tiril og Oliver fleire båtar som kjem flytande. Det er ingen om bord, og båtane manglar motor. Tiril og Oliver må prøve å finne motorane, og då håper dei også at dei skal finne den eller dei som står bak dette. I boka får du vere med på jakta etter dei skuldige. Meir røper vi ikkje her... Boka har korte kapittel, mange illustrasjonar, eit realistisk plot, spanande scener og overraskande løysingar! Bakerst i boka er det oppgåvesider der ein kan teste sine eigne detektivferdigheiter. Dette er ei spenningsbok fro deg mellom 8 og 12 år. Bøkene i denne serien finst også som lydbøker.

Del på facebook
Lisa Aisato:

Odd er et egg

Odd er et egg

«Dette er Odd. Han er snart syv år, og i snart syv år har hodet hans vært et egg»

Slik starter denne boka om gutten som alltid er redd for hodet sitt. Han tenker hele tida på hva som kan skje, og på farlige situasjoner han kan komme opp i hvis hodet (egget) knuses. Odd er en engstelig gutt. Han er ensom på skolen, og må alltid passe seg. Så møter han Gunn, ei skikkelig tøff jente som leker at hun er en bie. Odd blir så forelska og varm i hodet at egget blir hardkokt. Da er det ingen farer lengre, Odd kan sykle og leke slik som andre barn.

Denne boka er sprø, rar, absurd og trist, men også vakker og morsom.

Lisa Aisato står for både tekst og bilder, og det er ei nydelig, helstøpt billedbok, der tekst og bilder henger nøye sammen. De uttrykksfulle bildene formidler historien på en vakker måte.

Boka passer godt til høytlesning for de minste barna på barnetrinnet.

Del på facebook
Monsterboka

Eg vil anbefale ei bok full av grøss til ferien. I «Monsterboka» har 20 forfattarar skrive kvar si historie. Du kan lese om hårmonstera Knus og Knas eller tjuvefangarmonstera Tang og Tare. Du kan lese i vortemonsterets dagbok eller historia om Monster Klo. Dei 20 forteljingane handlar om ulike monster: store og små, slemme og snille. Dei fins under senger og i vatn, på bakken og i lufta, i holer og i tre. Boka er både morosam og litt skummel, og passar godt til høgtlesing for heile familien. Gunvor Rasmussen har laga kjempefine teikningar til alle forteljingane. Grøssande god sommar!

Del på facebook
Ingen spøk å telle til 13

Dette er ei litt annleis tellebok – du skal nemleg telle spøkelse! Mona Fossdal har laga ei detaljrik og frodig tellebok. Du går opp på loftet i eit stort hus der det spøker. Du skal først finne 1 spøkelse, på neste side 2 spøkelse og heilt opp til 13 spøkelse. På loftet er det også mange andre rare ting å leite etter. Forfattaren spør om du kan finne briller, gebiss og andre ting som ligg på forunderlege stadar. Det er ei artig og engasjerande bok å bla gjennom både for barnet og den vaksne som les. Boka høver både for dei heilt små og for 7-8-åringen som les sjølv.

Del på facebook
Purriot og den forsvunne bronsehesten

Dette er den andre boka om den populære detektiven Purriot. Vi kryssar fingrane for at det ikkje sluttar med dette. Bjørn Rørvik (tekst) og Ragnar Aalbu (illustrasjon) er blant dei dyktigaste humoraktørane i barnebokverda. Her har dei slått seg saman og klart å skape ein serie som truleg blir ein ny og etterspurt krimslager for dei minste borna.

I den siste boka skal Paprika, kona til detektiv Purriot, spele dronninga i eit historisk spel på Hurlum. Under prøvene forsvinn ein gamal verdfull bronsehest, og Purriot vert tilkalla. Ei kinkig sak som slett ikkje vert enklare av at politimester Gurk skal spele kongen. Han er ikkje akkurat den skarpaste kniven i skuffa.

Historia er både lattervekkjande og truverdig, krydra med mørke elegante teikningar som tilfredsstiller mysteriehungrige born. Purriot har klare likskapstrekk med sin med sin verdskjende kollega Hecule Poirot, bortsett frå at han er ein purre! Også dei fleste andre karakterane i denne serien består av frukt og grønt, som Sellerina Stang, Per Sille, Nils Neperud m.fl. Boka høver best for born i aldreren 6-10 år.

Del på facebook
Sigbjørn Mostue:

Zombie-Bjarne

Zombie-Bjarne

Hva ville du ha gjort om din rektor hadde blitt en zombie? Ville du fått han til sykehus, i fengsel - eller rett og slett holdt deg unna? Hva om det fantes et pulver du kunne gi han og han ville bli din lydige tjener...

Dette må tvillingene Emil og Emma ta stilling til. Deres rektor og nabo, den litt sure og grinete Bjarne, reiser på tur til Karibia i juleferien. Han trenger å komme seg vekk, sier han, og virkelig slappe av. Da han kommer hjem, er han ikke helt seg selv og etter hvert skjønner tvillingene at han har blitt en zombie. Rundt halsen har han hengende et hylster, der finner Emma ett brev med forklaring på hva som har skjedd og hva slags mat han kan spise. Hun finner også et pulver som de kan blande i maten hans, han vil da bli deres lydige tjener. I brevet står det også en oppskrift på den medisinen han trenger for å blir sitt gamle jeg. Men tenk å ha rektor som din lydige tjener! Fristelsen blir for stor for Emma og Emil - fritimer og leksefri høres veldig deilig ut!

Men er det så enkelt, og hvor lydig kan en zombie bli? Zombie-Bjarne er stadig på jakt etter mat. Barnehjerner...

Zombie-Bjarme er den første boka i en ny serie av Sigbjørn Mostue. Passer for barn fra 10 år. Den er også helt ypperlig for høytlesning.

Del på facebook
Atle Hansen:

Flukt

Flukt, Atle Hansen

Kjenner du nokon som har søkt asyl i Noreg?  Nokon som har budd her i mange år, lært seg norsk, fått norske vener, vore med på korps og fotball og så plutseleg ein dag kjem politiet og seier at dei skal sendast ut av landet.

Det er noko av det denne boka handlar om.

Hovudpersonen i boka oppdagar to par ferske fotspor som går bort til eit gammalt hus som ingen lengre bur i. Det merkelege er at fotspora berre går bort til huset og ikkje frå huset att. Han byrjar å overvake huset. Så legg han ut mat han har tatt med heimafrå, og maten forsvinn.

Ein dag fortel kameraten hans Karl, om ein rømt forbrytar.  

 

Ei lettlesen, spennande bok om eit viktig tema.

Del på facebook
Bull, Jacob Breda:

Godnattareglen

Godnattareglen

I denne regla får du vere med å danse natta inn i eventyrland og møte underlege skapningar som kjem fram når det mørknar. Der er tusser og troll, og du får møte kongingen og einauga kattar. Du får også møte ein So, og det er noko så alminneleg som ein gris, men i regla brukar dei eit veldig, veldig gammalt ord for gris.

Det var Jacob Breda Bull som skreiv godnattareglen på slutten av 1800-talet. Opprinneleg heitte regla Sankthansdans, og teiknaren Andreas Bloch illustrerte regla. Jakob Breda Bull sin forleggar, Jørgen W. Cappelen, sette dei 25 teikningane saman til eit meterlangt bilete, som har gått i arv frå  generasjon til generasjon i familien Cappelen, og lest høgt for barna ved sengetid. Eit opptrykk av dette bilete er vedlegg til boka.

I boka er kvar side illustrert med enkle og tydelege illustrasjonar på einsfarga bakgrunn. 

Teksta går på rim, og har ei stødig rytme. Godnattreglen er kjempegod å lese høgt og barnet vil fort fange rytma. Barn eg har lest denne boka for ville gjerne synge godnattareglen, og vi las den om igjen og om igjen. 

Del på facebook
Benjamin Lacombe:

Snøkvit

Snøkvit

"Det var midt på vinteren, og snøfnugga fall som lette fjør ned  frå himmelen. Ei dronning sat ved vindauget, som hadde ei ramme av svart ibenholt, og sydde. Og medan ho sat og sydde og såg drøymande ut på snøen, stakk ho seg i fingeren med nåla. Tre dråpar blod fall ned på snøen, og det raude mot den kvite snøen var så vakkert at ho tenkte: Tenk om eg kunne få eit barn så kvitt som snø, så rødt som blod og så svart som ibenholt. Ikkje lenge etter fekk ho ei dotter som var så kvit som snø, så raud som blod og så svarthåra som ibenholt. Ho vart kalla Snøkvit. "

Slik startar denne biletboka om Snøkvit. Resten av eventyret skal vi ikkje røpe her…

Snøkvit sett gjennom Benjamin Lacombes sine auge gir lesarane både ei dyster og ei vakker kjensle. Denne teksten er eit eksempel for barn på kva sjalusien sin vondskap kan få vaksne til å gjere. Dei fantastiske illustrasjonane forsterkar kjenslene og kan gi varige minner. Bileta er som små kunstverk i seg sjølve.  Eventyret har til alle tider vorte brukt til å forklare vondskapens djupaste grunn, og kva den gjer med oss. Ei viktig påminning for vaksne, og ei viktig fortelling for barn.

Boka kom ut på Fortellerforlaget i 2013, og ho er på nynorsk.

Del på facebook
Anna Fiske:

Snarveien 8B

Snarveien 8b

Høsten nærmer seg og det er kaldt ute. Edderkoppen Evert må finne seg en plass å bo før vinteren kommer. Han kryper inn i en liten boligblokk i Snarveien for å prøve lykken, men det skal vise seg at det er langt fra noen snarvei. Edderkoppen blir gående fra den ene til den andre leiligheten. Han håper at i en av dem må det være rom for en liten edderkopp...

Etter hvert som en besøker leilighetene får en følelsen av at dette er dagens Norge i miniatyr. Tegningene i boka er veldig detaljerte og forteller mye om de enkelte leilighetene, menneskene som bor der og hvordan de lever. En bruker lang tid på å studere hvert bilde i boka. Her er det fullt av små og store overraskelser. Billedbok for barn fra 4 år og oppover.

Del på facebook

Opningstider Elnesvågen

Måndag  11.00  - 19.00
Tysdag 11.00 -   16.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

Opningstider Eide

Tysdag 11.00 - 16.00
Onsdag 14.00 - 18.00
Torsdag 13.00 - 16.00

Tlf.: Elnesvågen 71262880

Tlf.: Eide 71296476

Epost: bibliotek@hustadvika.kommune.no

Vi blir inspirert av