Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn > Den utrolige historien om den kjæmpestore pæra

Den utrolige historien om den kjempestore pæra

Denne boka har det meste. Detaljrike og fantasifulle teikningar, eit ellevilt persongalleri og ei eventyrleg historie som også foreldre har glede av å lese. Solby er ein fredeleg og fin liten by ved havet. Einaste skår i gleda er at den populære borgarmeister Jeronimus Bjergstrøm Severin Olsen (JB) har forsvunne, og at viseborgarmeister Kvist har teke over styringa. Han er ein surpromp som vil bestemme alt. Ein dag finn hovudpersonane Mitcho (katt) og Sebastian (elefant) ein flaskepost som viser eg å kome frå JB som har hamna på ei mystisk øy. Flaska inneheld eit frø som dei to vennane plantar utanfor huset sitt. I løpet av natta veks frøet til ei kjempestor pære. Nærast som hell i uhell vert pæra blåst til havs. Om bord i pæra sit Mitcho og Sebastian saman med professor Glykose. Dermed startar ei vill og fantastisk reise, der dei tre set seg som mål å finne Den Mystiske Øya. Underveis møter dei den fryktelege havdraken, skumle piratar, og det nattsvarte hav med sine underlege vesen. Det høyrest uhyggeleg ut, men boka er spekka med så mykje humor og snurrige episodar at det snarare lokkar på smilebandet. Historia munnar ut i ”happy ending” og eit heidundrandes kalas i Solby.

Boka vil glede både gutar og jenter. Størst utbyte har kanskje dei mellom 8 og 12 år? Dei enkle og detaljrike teikningane (mykje skjer på kvar einaste side) gjer at boka også eignar seg som høgtlesing for atskilleg yngre barn dersom ein sper på med litt forklaringar. Boka er omsett og gjendikta av Erlend Loe.

Del på facebook

Opningstider Elnesvågen

Måndag  11.00  - 19.00
Tysdag 11.00 -   16.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

Opningstider Eide

Tysdag 11.00 - 16.00
Onsdag 14.00 - 18.00
Torsdag 13.00 - 16.00

Tlf.: Elnesvågen 71262880

Tlf.: Eide 71296476

Epost: bibliotek@hustadvika.kommune.no

Vi blir inspirert av