Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn > Harry og Roger på tur

Ragnar Aalbu:

Harry og Roger på tur

Harry og Roger på tur

Ein dag er dei to sjarmerande vennane Harry Horn og Roger Mår ute og går tur. Då finn dei plutseleg ein ryggsekk med ei bok i. I boka er det bilete frå plassar og land dei aldri har høyrt om. Dei les i boka, og drømmer om å reise sjølve. Til Island for eksempel, der isen veks på tre, eller til Golfstraumen der ein kan spele golf, eller kanskje til Rødehavet. Dei startar på reisa ut i verda, men etter ei stund stoppar dei opp og tenkjer seg om ein gong til. For det kan vel henda at det er farlege ting ute i den store verda også?

Teksten er filosofisk og poetisk. Det er lett å kjenne seg igjen i desse to vennlege og svært ulike karakterane. Dei tenkjer og drømmer og spekulerer. Ein kan ikkje anna enn bli bergtatt av desse to sjarmørane. Fargane på illustrasjonane i boka er nydeleg avstemt mot kvarandre. Det er lite tekst, men bileta fortel mykje. Dette er ei biletbok for førskulebarn.

Del på facebook

Opningstider Elnesvågen

Måndag  11.00  - 19.00
Tysdag 11.00 -   16.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

Opningstider Eide

Tysdag 11.00 - 16.00
Onsdag 14.00 - 18.00
Torsdag 13.00 - 16.00

Tlf.: Elnesvågen 71262880

Tlf.: Eide 71296476

Epost: bibliotek@hustadvika.kommune.no

Vi blir inspirert av