Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn > Trærne skyter knopper

Gunnar Opstad:

Trærne skyter knopper

Trærne skyter knopper

Vi vaksne seier mykje rart. Og er det barn i nærleiken, eller om vi snakkar til barn, er det ikkje alltid vi tenkjer oss godt nok om. Vi snakkar i bilete, vi bruker uttrykk som for oss er god innarbeidde og godt forståelege, men for eit barn er ikkje alt like enkelt når det har dobbel tyding!

Jonatan sit i klasserommet og kjenner frykta stig heilt opp i hårrøtene. Læraren står der og seier at trea skyt knoppar! Kva er ein knopp? Og kvifor skal dei skytast? Kan Jonatan og bli treft? I tillegg seier læraren at heile naturen eksploderer om våren. Det kan umuleg vere godt nytt. Klumpen i magen blir ikkje akkurat mindre når Jonatan skal gå heim - gjennom skogen. Han spring så fort han kan for å unngå å bli treft. Og når han endeleg er heime, kjem han på at pappa sykla til jobben i dag! Han må åtvare pappa!Barn har ein framifrå fantasi, og i slike tilfelle kan det vere godt å få klarheit i kva som eigentleg var meint. Opstad har også skrive boka Ta med deg døra når du går, og som vi skjønar dreiar det seg også her om uttrykk med dobbel tyding. Av bøker av andre forfattarar som skriv om same problematikk kan vi nemne Nancy Øvrehus Riveland si bok Randi bur i koffert.Trærne skyter knopper høyrer til i Aschehoug sin lettlest-serie Lesehesten og høver godt for barn som har knekt lesekoden og som treng litt meir utfordringar enn det dei aller enklaste bøkene byr på. Ho er også ei fin høgtlesingsbok, til dømes for barn i småskulen.

Del på facebook

Opningstider Elnesvågen

Måndag  11.00  - 19.00
Tysdag 11.00 -   16.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

Opningstider Eide

Tysdag 11.00 - 16.00
Onsdag 14.00 - 18.00
Torsdag 13.00 - 16.00

Tlf.: Elnesvågen 71262880

Tlf.: Eide 71296476

Epost: bibliotek@hustadvika.kommune.no

Vi blir inspirert av