Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > 63 måtar å elske deg på

Monica Bjermeland:

63 måtar å elske deg på

63 måtar å elske deg på

 

«-Pappa er ikkje far din.Orda dett ut av munnen til mamma som om dei er heilt vanlege ord, heilt vanleg språk, liksom. Ho kunne like gjerne sagt: Kan du sende meg kvitosten?»

Dette er orda som forandrar livet til ti år gamle Gabriella. Til då var ho ei heilt vanleg norsk jente, med heilt vanlege foreldre. Norske foreldre. Ho var norsk. Trudde ho. Kva no? Er ho framleis norsk? Er ho tyrkisk, slik som faren? At desse orda til mor er starten på ei jakt etter Gabriella sin eigen identitet, er nok innlysande. Vi kan også røpe at Gabriella ikkje berre møter opne armar i møtet med sin biologiske far. Jakta etter identitet inneber også å prøve å forstå ein kultur, eit land og eit styresett som er så ulikt det vi kjenner. For å forstå faren, må Gabriella også forstå kvar han kjem ifrå. Boka har mange lag, utan at det blir forvirrande. Identitet står nok som hovedtema. Men Gabriella si historie er også historia til dotter hennar, det er også hennar røter det er snakk om her. Alt heng saman med alt, seier ein gjerne. Vi får innblikk i eit Tyrkia som er langt frå badestrender, sol og brune, blide turistar. Korleis eit regimes undertrykking og uro påverkar folket som bur der, som flyktar i håp om eit betre liv, men som på ny møter undertrykking, blir også ein del av Gabriella si historie. Språket i romanen er også verdt å nemne. For det første er han skriven på klingande nynorsk. Måten det usagte, det ein berre tenkjer, og av ulike årsaker ikkje får seg til å seie, blir formidla på, er finurleg.  Frampeik og hint skapar interesse. Skildringa av personar, rørsler, stemning og miljø gjer det heile så levande for lesaren, at luktene og lydane formeleg fyller rommet. Det faktum at fleire anmeldarar har funne fram høgste tal på terningen, er ikkje merkeleg, og vi kan berre slutte oss til dei strålande kritikkane denne debutromanen har fått.

Del på facebook

Opningstider (gjeld ikkje sommartid, sjå aktuelt)

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no

Vi blir inspirert av