Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Få lånekort

Lånekort får du på biblioteket. Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar. Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilete og personnummer. Barn må ha begynt på skulen for å få eige kort, og alle under 15 år må ha med underskrift frå ein føresett.

  • Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne
  • Lånekortet er personleg og må ikkje lånast bort til andre
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn låner
  • Vaksne kan ikkje låne til seg sjølv på lånekortet til ungane sine
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane
  • Føresette har ansvar for å rettleie barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og behandle biblioteket sitt materiale fint.

Nasjonalt lånekort
kan brukast på alle bibliotek i Noreg. Dersom du allereie har dette lånekortet (frå eit anna bibliotek) og ønskjer å bruke det her hos oss, må du vise kortet og legitimasjon i skranken. 

Mista/tapt kort
Det er gratis å få lånekort første gang. Dersom du mister kortet må du betale eit lite gebyr for å få nytt kort. Gi beskjed til biblioteket om du mister lånekortet. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort.

Nasjonalt lånekort

Opningstider (gjeld ikkje sommartid, sjå aktuelt)

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no