Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Personar med lesevanskar

Bokstavar

Biblioteket har lettleste bøker for både barn og vaksne.

Lettlestbøker for barn og unge blir brukt av dei aller fleste barna, ikkje berre dei som har vanskar med å lese. Desse bøkene er plassert i barneavdelinga i hylla for lettleste bøker.

 

Lettleste bøker:

  • Er kortare
  • Har enkelt språk
  • Har korte avsnitt/kapittel
  • Er ofte tilpassa lesaren sin alder og modenhet
  • Har ganske store variasjonar i vanskegrad

Når det gjeld lettleste bøker for vaksne, har vi to kategoriar:

  • Nokre bøker har eit enkelt språk, mens innhaldet ikkje er tilpassa nokon spesiell gruppe.
  • Andre bøker har både eit enkelt språk og enkelt innhald. Desse bøkene er egna for personar med psykisk utviklingshemming. Bøkene er plassert i "Bok til alle"-hylla. Spør om hjelp om du ikkje finn dei.

Her kan du lese om organisasjonen Leser søker bok som formidlar lettleste bøker for vaksne

Opningstider (gjeld ikkje sommartid, sjå aktuelt)

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no