Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Fræna folkebibliotek > Kven er du? > Tilsett i barnehage/skule

Arbeider du i barnehage? Eller er du lærar?

Vi vil gjerne ha besøk frå barnehagar og skular. Om du vil kome på besøk er det berre å ta kontakt og avtale tid.

Tlf.: 71 26 28 80  E-post: frana.biblioteket@frana.kommune.no

Barn leser

Biblioteket sitt tilbod for barnehagar:

  • Barnehagar får låne depot av biletbøker og anna materiale, t.d. musikk og lydbøker i 3 mnd.
  • Biblioteket låner ut aktuell faglitteratur om barn og barns utvikling.
  • Biblioteket har "bibliotekfilial" i Bud barnehage, og kan utvide ordninga til fleire barnehager dersom det er interessse for det.

 Biblioteket sitt tilbod for skulen:

  • Klasser får låne bokdepot i 3 mnd.
  • Klasser kan kome på besøk på biblioteket for boklån, bokprat eller få informasjon om biblioteket.
  • Lærarar kan låne film og lydbøker til bruk i grupper/klasser.

Kvart år organiserer folkebiblioteket forfattarbesøk for alle 5. og 8. klassane. (Med midlar frå Den kulturelle skulesekken)

 

Nettressursar:

Bokbamsen har mange fine lesetips og mykje anna om lesing og barns språkutvikling for dei som arbeider i barnehage. 

nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her kan lærarar og andre finne tips til nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper.

Nynorske teikneseriar er ei ressursside for skular som ynskjer å nytta teikneseriar i nynorskopplæringa.

Oversikt over klassesett som er til utlån frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek

Idé, inspirasjon, informasjon - eksempler på bruk av skolebibliotek i undervisningen etter Kunnskapsløftet.

Skolebibliotek.no - er ein nettstad for lærarar og skulebibliotekarar i grunnskulen og i vidaregåande skule.
I tillegg til undervisningsopplegg og undervisningserfaringar gir nettstaden innblikk i kva eit skolebibliotek er og kva skulebibliotekarens rolle kan vere. Nettstaden er dreve av UiA og er finansiert av Kunnskapsdepartementet.

 

Opningstider (gjeld ikkje sommartid, sjå aktuelt)

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no