Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Fræna folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Per Anders Todal, forfattar av Havlandet kjem til Fræna

Per Anders Todal, forfattar av Havlandet kjem til Fræna

Havlandet Per Anders Todal

Forfattar Per Anders Todal, som har skrive den kritikarroste boka "Havlandet - Historia om hava som forma Noreg" kjem til Fræna folkebibliotek torsdag 14.mars kl.19.00

I samband med det nasjonale leseåret 2019 har Møre og Romsdal eit eige prosjekt "Bok på veg", der vi har eit tema for kvar månad og i mars er temaet havet. Kva passar vel då betre enn å invitere forfattar og journalist Per Anders Todal til biblioteket for å snakke om den fantastiske boka si "Havlandet"? 

Sett av datoen, for torsdag 14. mars klokka 19.00 inviterer biblioteket til ein ramsalt kveld der Todal fortel historier om havområda som forma Noreg.

På sin eigen blogg skriv Todal, som kjem frå Todalen i Aure, følgande:

- Boka er eit forsøk på å fortelje dei store sogene om hava som omgjev Noreg. Ho kan lesast som ein serie biografiar - om Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og Skagerrak, og om fjordane, skjergarden, kontinentalsokkelen og strendene. Målet var å famne det heile: havstraumane, dei usynlege landskapa, biologien, klimaet og møta mellom menneska og sjøen.  

Les meir på bloggen her: https://www.havland.com/innlegg/2018/12/18/da-han-forlt-stranda-heldt-sjen-framleis-p

Boka har fått svært gode bokmeldingar. I Dagbladet fekk boka terningkast seks, og anmeldaren kalte boka "En hyllest til havet, som knuser myter og kritiserer laksemilliardærene." 

Klassekampen skriv: "Til sjøs: "Havlandet" av Per Anders Todal er et fabelaktig dypdykk i havet - havet som skapte Norge" 

Alle er hjerteleg velkomne på biblioteket!  

Del på facebook

Opningstider

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no