Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Giske folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Bøker for ferske lesarar

Bøker for ferske lesarar

Bilde av lettlesthylla

Barn som har knekt lesekoden eller er i ferd med å gjere det, treng tilrettelagt og motiverande lesestoff for å fortsetje lesinga. Ta ein titt her:
Leseløver frå Cappelen Damm
Leselandserien frå Samlaget
Bokbussen frå GAN Aschehoug

 

Cappelen Damm sine Leseløver har tre nivå tilpassa lesedugleiken til barnet:

Løveunge, fra ca. 4 til 7 år:
Løveunge

Løveungebøkene har versaler og berre ein setning på kvar side. Perfekt for dei aller ferskaste lesarane som akkurat har begynt å stave seg gjennom ord for å kunne forme ein hel setning. Ved å stave seg gjennom ein Løveunge, kan barnet for første gang få oppleve gleda ved å lese ei heil bok sjølv. Det er mange bøker i serien Løveunge, både fakta, skjønnlitteratur og vitser.

Finn løveungebøker i biblioteket her

 

Min første leseløve, fra ca. 6 til 9 år:
Min første leseløve

Passar for dei som har lært bokstavane og kan lese litt.

Finn min første leseløve i biblioteket her

 

Leseløve, fra ca. 7 til 11 år:
Leseløve

Leseløvene er lette å lese, med korte linjer og stor skrift. Forteljingene er av varierande lengde.

Finn leseløvebøkene her

 

Samlaget sin Leselandserie:

Leseland

Nivå 1, Ny i leseland for barn som nett har byrja å læra å lesa. Finn Ny i leseland-bøkene her

Nivå 2, Kom i gang  for barn som klarer å lesa små tekstmengder. Finn Kom i gang-bøkene her

Nivå 3, Lesevennen for barn som byrjar å knekkja lesekoden, men enno ikkje er uthaldande i lesinga. Finn Lesevennen-bøkene her

Nivå 4, Leseproffen for barn som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga. Finn Leseproffen-bøkene her

 

Bokbussen frå GAN Aschehoug:
Bokbussen-1-768x844

Bokbussen nivå 1 og 2: Bøkene har 12 sider, med svært korte setningar, ein eller to stavingar, stor grad av oppattaking og mest mogleg lydrette ord. Illustrasjonane støttar teksten. Finn Bokbussen raud her
Bokbussen nivå 3 og 4: Bøkene har 16 sider, og tekst på dei fleste sidene, men ikkje meir enn åtte linjer per oppslag. Elevane møter nokre samansette ord, fleirstavingsord og doble konsonantar. Finn Bokbussen blå her
Bokbussen nivå 5 og 6: Vanskegraden er litt høgare, men det er framleis illustrasjonar på alle oppslaga. På nivå 5 og 6 er det 250–850 ord per bok, og setningsoppbygginga og vokabularet er variert. Finn Bokbussen grøn (fakta) herBokbussen gul (fakta) her og Bokbussen svart (spenning) her

Del på facebook

Opningstider:

Måndag 13.00 - 19.00
Tysdag 10.30 - 15.30
Onsdag 10.30 - 15.30
Torsdag 13.00 - 19.00
Fredag 10.30 - 15.30

Kontakt:

Tlf.: 70 18 80 90
Epost: biblioteket@giske.kommune.no

Kart