Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Arne Hjeltnes:

Stupetårnet

Arne Hjeltnes – Stupetårnet

Snart er det sommar, og til hausten er det val. Kva passar då betre enn å lese ei bok som inneheld både sommar og politikk?

Den pensjonerte gymlæraren Norman Koggen samlar inn pengar til å setje opp eit stupebrett i den vesle byen han bur i. Etter ei raus gåve er finansieringa på plass, men til Koggen si store overrasking er ikkje plansjefen i kommunen særleg interessert i å setje opp stupebrettet på bystranda.

Når ordføraren får høyre om dette, går han til lokalavisa og kuppar ideen. Ikkje berre skal dei setje opp stupebrett, det skal byggast ei stupeøy verda aldri har sett maken til! Kritiske røyster blir ikkje lytta til, og sjølvsagt ballar problema på seg etter kvart som stupeøya tar form.

Romanen er humoristisk, men gir samtidig eit innblikk i kommunal forvaltning. Særleg kjekt er det å lese om den slu konsulenten som loppar kommunen for pengar med sine gode råd om krisekommunikasjon. Det er lett å kjenne seg att i karakterane og korleis det er å bu på ein liten stad, og den velmeinte inkompetansen til alle involverte i stupeøy-prosjektet.

Romanen er basert på ei sann historie, nemleg historia om stupetårnet i Hamar, som gjekk frå å skulle koste 1,5 million til å ende opp med ein prislapp på over 20 millionar kroner.

Del på facebook
John S. Jamtli:

Sabotør

John S. Jamtli Sabotør

Du har kanskje høyrt om Oslo-gjengen og Kompani Linge, men har du høyrt om Osvald-gruppa? I denne teikneserieromanen blandar forfattar og illustratør John S. Jamtli historiske fakta med reinspikka actionmoro i ei forteljing frå Noreg under den tyske okkupasjonen på 1940-talet.

Osvald-gruppa var ei motstandsgruppe som utførte om lag 200 aksjonar under andre verdskrig, mellom anna sprenginga av Øst- og Vestbanestasjonen i Oslo. Det blir sagt at Osvald-gruppa gjennomførte fleire og meir verknadsfulle sabotasjeaksjonar enn noko anna motstandsgruppe. Men sidan Osvald-gruppa hadde band til Sovjetunionen og kommunismen, fekk dei lite heider og ære då krigen var over. Leiaren av gruppa, Asbjørn Sunde, hamna i fengsel for landssvik og spionasje, og dette påverka ettermælet til gruppa sterkt. I nyare tid har historia deira blitt trekt fram i lyset att, og det har blitt sett opp minnesmerke og delt ut medaljar til nokre av medlemmane som framleis er i live.

I teikneserien møter vi kjende personar som ministerpresident Vidkun Quisling og etterretningsagent Henry Rinnan, og vi får besøke viktige stader som Bandeklosteret i Trondheim og Victoria terrasse i Oslo. Vi er ein kjapp tur innom slaget i Narvik før vi møter hovudpersonen Johan i Falstad fangeleir. Han greier å rømme frå leiren med hjelp av ein streng fyr som heiter Knut og ein hissig trønder som heiter Olav. Johan og Olav blir rekrutterte til motstandsgruppa Knut er med i, og vi får følgje dei gjennom opplæringa og ei rekkje små og store oppdrag. Samtidig er Rinnan på jakt etter den løyndomsfulle leiaren av Osvald-gruppa for å stoppe arbeidet deira ein gong for alle.

Det er mange flotte detaljar i både språk og strek. Sjølve teikningane kan minne om stilen i Asterix og Sprint eller den norske Krüger og Krogh, der folk har store nasar, trillrunde auge og overdriven mimikk. Karakterane vi møter snakkar dialekt, og dette er med på å gjere historia både nær og morosam. Sjølv om historia er prega av action og kampen mot overmakta, slit Johan med samvitet fordi han må vere med på ting han ikkje forstår eller som han meiner er feil. Vi er vitne til både skotvekslingar og tortur, og vi merkar alvoret i situasjonane Johan og kameratane er involverte i. Boka ender med at krigen sluttar, men det er ikkje nødvendigvis ein lykkeleg slutt.

Det er verd å understreke at ein ikkje må ta denne teikneserien på alvor som ei historisk korrekt kjelde. Det står på omslaget at det er ei røverhistorie frå krigsåra, og bør bli lesen som nettopp det: ei god historie sett i ein historisk kontekst. Boka passar for folk som er interessert i historie, action og humor, i alderen frå tretten år og oppover.

Del på facebook
Ruth Lillegraven:

Skogen den grøne

Ruth Lillegraven Skogen den grøne

Den nyaste barnediktsamlinga til Ruth Lillegraven, Skogen den grøne, handlar om eit barn som går inn i skogen åleine, og vi får sjå verda gjennom barnets blikk. Slik kan også vi vaksne få eit nytt forhold til naturen som omgir oss.

Dikta kan lesast kvar for seg, men det passar kanskje betre å lese dei som ein heilskap. Det første diktet tar oss med inn i skogen for første gong, medan diktet som avsluttar samlinga tar oss med ut av skogen og heim. Gjennom boka kan ein både møte gleda og undringa som eit barn har i møte med det ukjende, og ein kan kjenne uro over å vere einsam og utsett i ei verd som på mange måtar er ukjend og gåtefull.

Fleire av dikta handlar om oppvekst og det å finne seg sjølv: «kva veg skal eg følgje / kva sti skal eg gå» («Spor»), «kvar vil du flyge / og kven vil du vere» («Sommarfugl»). Nokre dikt har alvorlege tema, som «Døden» og «Søkkemyr», og kan derfor vere fine inngangar til å snakke med barn om dei store spørsmåla i livet. Andre dikt, som «Gevir» og «Edderkopp», har ein lun og humoristisk undertone.

Den førre diktsamlinga Lillegraven skreiv for barn, Eg er eg er eg er, blei nominert til Brageprisen og Kritikarprisen det året den kom ut. Den blei òg kåra til ei av årets vakraste bøker, og illustratør Mari Kanstad Johnsen er med på laget også i Skogen den grøne.

Dikta passar for barn mellom seks og tolv år.

Del på facebook

tel. 47682067
bib@haram.folkebibl.no
Kart    iBrattvåg.no

Opningstider :

Mandag 13-18
Tysdag  12-16
Onsdag  stengt
Torsdag 12-20 (18)
Fredag   12-16
Laurdag 11-14
Opningstider filialar

Vi blir inspirert av