Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Lånereglar

agreement

Kven kan låne?

  • Alle med fast adresse i Norge eller faste forbindelser med Haram kan låne.
  • For å få lånekort må ein vere 6 år. Dette gir rett til å låne med materiell heim.
  • Biblioteket kan be om legitimasjon ved registrering
  • Ein del utlånsmateriell har eigne aldersgrenser
  • Utlånsreglane gjeld også for institusjonar, skular og organisasjonar
  • Lånaren kan bli beden om å vise fram lånekortet

 

Reglane gjeld lån av :

  • Bøker
  • Lydbøker
  • Musikkinnspelingar
  • Filmar
  • Tidsskrift
  • Språkkurs
  • Cd-rom
  • Utstyr

Ein del materiell kan ikkje lånast heim.

Kor mykje kan eg låne og for kor lenge?

Biblioteket har desse lånetider for enkeltpersonar:

  • 8 veker : språkkurs
  • 4 veker : bøker, lydbøker, tidsskrift
  • 2 veker : musikk, cd-rom/spel, filmseriar
  • 1 veke : filmar

 

Biblioteket har desse lånetider for institusjonar, skular, organisasjonar:

  • 8 veker : bøker, lydbøker, tidsskrift
  • 2 veker : musikk, cd-rom/spel, filmseriar
  • 1 veke : filmar

 

Fornying av lånetider.

  • Lånaren har ansvaret for å fornye lånetida før lånefristen løper ut.
  • Lånetida kan fornyast ved skranken, ved epost, i telefonen, på biblioteket si nettside
  • Reservert materiell kan ikkje fornyast.

Ein kan låne så mykje ein vil, men det må stå i forhold til lånetida.
Nytt eller etterspurt materiell må leverast inn først.

Kvar gjeld lånereglane?

Avdelingane i biblioteket:

  • Lånereglane gjeld for all lån gjennom alle avdelingane i Haram folkebibliotek
  • Materiell kan leverast inn ved alle avdelingane. Avdelinga som låner ut har ansvaret for oppfølging av eige utlån.

Lån frå andre bibliotek:

  • Eigarbiblioteket sine lånereglar overstyrer lånereglane i Haram folkebibliotek med omsyn til tryggleik og lånetid.
  • Når eigarbiblioteket tillet det, kan materiell lånt ved andre bibliotek leverast inn til Haram folkebibliotek av registrerte lånarar. Materiellet er ikkje  betrakta som levert før eigarbiblioteket har motteke det. Det blir vidaresendt i forhold til Haram folkebibliotek sin transportavtale.

Kva forplikter eg meg til?

  • Å ta godt vare på lånt materiell
  • Å melde ifrå om feil eller manglar ved materiellet
  • Å levere tilbake materiell innan lånefrist.
  • Å bidra til rask sirkulasjon av etterspurt materiell.

 

Kva kostar det å låne?

  • Det er gratis å låne.
  • For privat lån gjeld eit depositum på kr. 50 for kvar film eller cd-rom, og kr. 20 for kvar musikkinnspeling for vaksne.
  • Depositum gjeld ikkje for bøker, lydbøker, musikkinnspelingar for barn og språkkurs
  • Depositum gjeld ikkje for kommunale institusjonar og offentlege bibliotek

 

Kostnadar ved brot på lånereglane

  • Tap av depositum
  • Biblioteket kan krevje gebyr for innkalling av materiell:
    • 1. innkalling kr. 0.  Den første innkallinga er ei henvending for å avklare låneforholdet og avdekke feil.
    • 2. innkalling kr. 10 per gjenstand
    • 3. innkalling kr. 20 per gjenstand
  • Biblioteket kan krevje erstatning av materiell
  • Ubesvarte innkallingar fører til erstatningskrav

tel. 47682067
bib@haram.folkebibl.no
Kart    iBrattvåg.no

Opningstider :

Mandag 13-18
Tysdag  12-16
Onsdag  stengt
Torsdag 12-20 (18)
Fredag   12-16
Laurdag 11-14
Opningstider filialar