Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Aktuelt

Brageprisen til folkebiblioteka

I 2013 gjekk Brageprisen sin hederspris til alle folkebiblioteka i Norge, omtala som kulturlivet sin grunnmur og ei viktig søyle i eit fungerande demokrati!

Industrikommunen Haram

Haram er den største industrikommunen i Møre og Romsdal og den 24. største i Norge.

Innvandrarar bruker alle tenester i biblioteket

I november 2013 laga vi ein oversikt over kva innvandrarar bruker biblioteket til, fordelt etter nasjonalitet, alder og kjønn. Resultata finn du her: http://www.haram.folkebibl.no/html/Bibliotekbrukinnvandrarar.pdf

Polsk filmkveld 1. mai

1. mai kl. 17.00 arrangerer vi polsk filmkveld ved kinoen i Brattvåg. Forestillinga er gratis og det blir kaffi, kake, brus mm. Tips gjerne dine polske arbeidskollegar. Filmen har norske tekster.

Skrivekonkurranse

For alle 12-18 år, med kule premiar for to vinnarar. Dikt opp ei historie (inntil 10 A4 sider). Lever den til biblioteket før 25/8. Vår sympatiske forfattar Øyvind Vågnes vil kåre to vinnarar 30/8.

Avslutning Sommarles 2016

Laurdag 10. sept. kl. 14 avsluttar vi Sommarles i Miljøgata, Brattvåg (i ID-huset viss regn) med hoppetaushow ved to ungarske søstre frå Cirque du Soleil, eventyrstund ved Lisa Alvestad, trekking av Sommarlespremiar. Tilbod og arrangement i Brattvågsenteret samtidig. Opent for alle. Velkomen!

Bokbåten i Haram

Bokbåten Epos er nok ein gang på veg til Haram si lange kystlina. Her er ruta: Torsdag 2. februar Søvik 9-11 (Program 9 og 10.15), Torsdag 2. februar Austnes 11.45-13.15 (Program 11.45). Torsdag 2. februar Kjerstad 17-18.30 (Progam 18), Fredag 3. februar 9-10.30 (Program 9), Tysdag 14. februar Vestrefjord 18-19.15 (Program 18.15), Onsdag 15. februar Grytestranda 17-18.30 (Program 17.30), Torsdag 16. februar Tennfjord 9.30-12.00 (Program 9.30 og 11.15). Velkommen ombord! eir info: bokbaten.no

Aina Basso på besøk

Den 28. januar kjem forfattaren Aina Basso på besøk. Du kan treffe henne på Kulturkaféen kl. 18.00. Les gjerne denne boka i mellomtida: http://www.samlaget.no/nn-no/skjonnlitteratur/romanar-og-noveller/fange-59-taterpige/innbunden.aspx

Öpningstidene i jula

Brattvåg (12-16) og Vatne (17-20) har siste opningsdag tysdag 23. desember. Brattvåg held ope laurdag 27. man. 29 og tysdag 30. des. Frå 2. januar blir vi i full sving igjen i heile kommunen, og da gler til oss til å treffe våre hyggelegare brukarar igjen! God jul!

Påska

Det er påske, men vi er ikkje heilt stengt. Laurdag 15. april held biblioteket i Brattvåg opent kl. 11-14. Alle avdelingar er tilbake i drift etter påska 18. april. God påske!

tel. 47682067
bib@haram.folkebibl.no
Kart    iBrattvåg.no

Opningstider :

Mandag 13-18
Tysdag  12-16
Onsdag  stengt
Torsdag 12-20 (18)
Fredag   12-16
Laurdag 11-14
Opningstider filialar