Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Historie

gamle bøker

Haram folkebibliotek vart oppretta den 23. november 1972 av Haram kommune i samsvar med ei utgreiing under leiinga av Karl Alvestad datert 27. september 1972. Men det har vore folkebibliotek i Haram lenge før dette.

Denne opprettinga var ei nyskiping av bibliotektenesta i kommunen, som følgje av Lov om folkebibliotek året før og endringar av kommunegrensane. På denne måten kom i første omgang biblioteket i Søvika frå Borgund, biblioteket på Vatne frå Vatne kommune og dei øvrige biblioteka på Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy og Fjørtoft saman med biblioteket i Brattvåg frå den tidlegare Haram kommune.

Det var biblioteklova av 1971 som definerte biblioteket i Brattvåg som hovedbiblioteket på grunn av kombinasjonen av arbeidsplassar, tenestetilbod og elevplassar som var mest konsentrerte der. Dette gjorde de andre biblioteka til filialar av hovedbiblioteket og krava til hovedbiblioteket var lovfesta.

Før 1971 var mange av dagens filialar etablerte bibliotek. Biblioteket på Fjørtoft har hatt ei relativ rik boksamling, og omlag 80 eldre bøker frå 1800-talet er arkivert på fastlandet. Bibliotektenesta på Haramsøy kom tidleg i gong i førre århundre, og vi har framleis bøker frå den tida, merka Aakre leselag. Etter andre verdskrig var det ei boksamling i Søvik. Det var det sannsynlegvis også på Vatne, men vi veit ikkje noko om den. På denne tida var det visjonar om biblioteket på Longva som det sentrale biblioteket i den tidlegare Haram kommune. Også denne avdeling har mange historiske bøker arkivert. Den eldste boka i kommunen er frå 1769.

Etter andre verdskrig var det ei boksamling i Strandhuset i Storgata i Brattvåg. Dette blei ein del av Hildrestranda og Brattvåg folkeboksamling før 1971. På 1970-talet blei hovedbiblioteket oppretta i bygget til Brattvåg Kraftverk. I 1976 blei dette flytta til Oksavik-bygget i Storgata, og flytta til Brattvågsenteret i 1990.

 
 

tel. 47682067
bib@haram.folkebibl.no
Kart    iBrattvåg.no

Opningstider :

Mandag 13-18
Tysdag  12-16
Onsdag  stengt
Torsdag 12-20 (18)
Fredag   12-16
Laurdag 11-14
Opningstider filialar