Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Utlånsreglar

Alle som har fast adresse i Noreg kan få lånekort. Hugs å ta med legitimasjon. Barn under 11 år må ha underskrift frå føresette. Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.

Kor lang er lånetida?
Lånetida for bøker, tidsskrift, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetida for filmar er 7 dagar. Lån kan fornyast, dersom ingen andre står å venteliste. Fornying kan du gjere sjølv ved å logge deg inn på biblioteket si heimeside eller ved å kontakte biblioteket. 

Kostar det noko å låne?
Det er gratis å låne, men det kostar å ikkje levere tilbake. Etter 3 purringar får du eit erstatningskrav i posten kor vi ber deg erstatte ikkje innlevert materiale.

Avgrensingar?
Det er ingen grenser for kor mykje du kan låne. Born under 11 år må ha med seg ein vaksen for å låne film.

Kva med bøker som biblioteket ikkje har?
Bøker som er lånt ut kan reserverast. Bøker vi ikkje har, kan lånast frå andre bibliotek. Berre spør!

Biblioteket hjelper deg med å finne informasjon i oppslagsbøker, søkje i databasa,r via Internett og CD-ROM, offentlege sakspapir, avisutklipp og anna informasjonsmateriell. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med dei tilsette på biblioteket.

Kva forpliktar eg meg til?
Å ta vare på lånt materiell, å melde frå om feil og sikre sirkulasjon ved å levere tilbake innan lånefristen.

Erstatning av tapt/skada materiell
Etter 3. purrebrev får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake.

 

 

Information in English

Opningstider

Måndag 11.00 - 19.00
Tysdag 11.00 - 15.00
Onsdag 11.00 - 18.00
Torsdag 11.00 - 18.00
Fredag 11.00 - 14.00
Laurdag 11.00 - 14.00

Kontakt

Tlf.: 70 09 50 95 / 46 92 76 45

Epost: biblioteket@hareid.kommune.no

Adresse

Besøksadresse: Strandgata 66

Postadresse: Rådhusplassen 5

6060 Hareid