Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Folk er ulike, biblioteket har tilbod også til brukarar med særskilte behov. Det kan vere at du har problem med å lese fordi du er dyslektikar. Eller du har svekka syn. Kanskje er du ny i Noreg og driv på med å lere deg å lese norsk? Biblioteket har tilbod til alle!

Personar med lesevanskar

Biblioteket har lettlesne bøker for både barn og vaksne. Lettlestbøker for barn og unge brukast av dei aller fleste barna, ikkje berre dei som har vanskar med å lese. Desse bøkene er godt egna for dei som slit med å lese, då dei er korte, har eit enklare språk og har kortare avsnitt/kapitlar enn i andre bøker. Innhaldet er tilpassa lesarane når det gjeld alder og mogenheit, slik at dei ikkje skal oppleva bøkene som barnslege og kjedelege sjølv om språket er enkelt. Det er store variasjonar i vanskegrad når det gjeld lettlestbøker, så berre spør om du er usikker. 

Når det gjeld lettlesne bøker for vaksne har vi to kategoriar. Nokre bøker har eit enkelt språk, mens innhaldet ikkje er tilpassa på nokon måte. Andre bøker har både eit enkelt språk og enkelt innhald. Desse bøkene er egna for personar med psykisk utviklingshemming.

Leser søker bok er ei forening som jobbar for at alle skal ha tilgang til gode bøker. Dei samarbeider med 260 bibliotek over heile landet. Desse biblioteka kallast bok til alle-bibliotek. Hareid folkebibliotek er med på denne ordninga og vi har difor hyller med både lettleste og tilrettelagte bøker.

Information in English

Opningstider 

Gjenopning 18.5.20 med desse opningstidene: Mandag 11-15, onsdag 15-18, fredag 11-15

Usikkert når vi kjem tilbake til våre normale opningstider:

Måndag 11.00 - 19.00
Tysdag 11.00 - 15.00
Onsdag 11.00 - 18.00
Torsdag 11.00 - 18.00
Fredag 11.00 - 14.00
Laurdag 11.00 - 14.00

Kontakt

Tlf.: 70 09 50 95 / 46 92 76 45

Epost: biblioteket@hareid.kommune.no

Adresse

Besøksadresse: Strandgata 66

Postadresse: Rådhusplassen 5

6060 Hareid