Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Kven er du? > Tilsett i barnehage/skule

Tilsett i barnehage/skule

Jobbar du i ein barnehage? Eller er du lærar? 

Ta kontakt for

  • Bokkasser
  • Barnehagebesøk
  • Klassebesøk
  • Lån av klassesett

Bokkasser
Vi plukkar bokkassar både til barnehagar og skular. For å lage bokkasse som skal passe til dykk vil vi gjerne vite:

  • Kor mange elevar det er i klassa
  • Kor mange bøker de ønskjer pr. elev
  • Om det er spesielle omsyn vi bør ta i bokutvalet (til dømes om det er mange som treng lettlestbøker)   
  • Om de vil ha  skjønnlitteratur / faktabøker, eller litt av kvart
  • Spesielle emne i skjønnlitteratur
  • Vi prøver alltid å få med ein del nynorske bøker, men om det er særs viktig at mange av bøkene er på nynorsk, er det fint om de seier ifrå om det

Barnehagebesøk
Vi tek i mot besøk i heile opningstida, men dykk kan også komme til oss før opningstid. Ring oss for å avtale tid.
Borna kan gjerne ete maten sin på biblioteket sin lesesal. 

Klassebesøk
Ta kontakt for å avtale klassebesøk. Vi gjer elevane kjende med biblioteket og har bokprat etter ynskje.

Klassesett 
Hareid folkebibliotek har ikkje klassesett i si samling, men vi låner inn gratis til deg frå Fylkesbiblioteket i Ålesund. Sjå oversikt over klassesett.

Skular og barnehagar får automatisk 8 veker lånetid på bøker og lydbøker.

Ta kontakt på
Telefon: 70 09 50 96
Epost: biblioteket@hareid.kommune.no

Information in English

Opningstider 

Gjenopning 18.5.20 med desse opningstidene: Mandag 11-15, onsdag 15-18, fredag 11-15

Usikkert når vi kjem tilbake til våre normale opningstider:

Måndag 11.00 - 19.00
Tysdag 11.00 - 15.00
Onsdag 11.00 - 18.00
Torsdag 11.00 - 18.00
Fredag 11.00 - 14.00
Laurdag 11.00 - 14.00

Kontakt

Tlf.: 70 09 50 95 / 46 92 76 45

Epost: biblioteket@hareid.kommune.no

Adresse

Besøksadresse: Strandgata 66

Postadresse: Rådhusplassen 5

6060 Hareid