Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Om biblioteket

Om Hareid folkebibliotek

I løpet av april/mai 2021 flyttar biblioteket inn i nye lokaler i det nye Helsehuset på Hareid. 

Bruk gjerne menyen til venstre for å bli betre kjent med biblioteket. Her finn du meir informasjon om kvar vi er, kven vi er og kva vi gjer.

Hareid folkebibliotek
Foto Erlend Friestad / Hareid kommune

 

Biblioteket er eit ledd i eit større biblioteknettverk som gjer det mogeleg for deg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet. Vidare har Hareid folkebibliotek eit interkommunalt biblioteksamarbeid med folkebiblioteka i Ulstein, Herøy og Sande kommunar. Dette tette samarbeidet gjer at du som lånar har eit bibliotek på over 60 000 media å søke i når du leitar etter stoff i vår bibliotekkatalog. To dagar i veka kjem Norsk Bibliotektransport sin budbil innom Hareid folkebibliotek med bøker og andre media som folk på Hareid har bestilt frå andre bibliotek nært og fjernt.      

Hareid folkebibliotek si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek.

Information in English

Mandag 10-18

Tysdag  10-18

Onsdag 10-18

Torsdag 10-18

Fredag   10-15

Laurdag 10-14

Tlf.: 70 09 50 95 / 70 09  50 96

Epost: biblioteket@hareid.kommune.no

Besøksadr.: Kjøpmannsgata 16

Postadresse: Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid