Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Klart vi les! NYNORSK BARNEBOKVEKE

Denne veka er det Nynorsk barnebokveke og vi har ekstra fokus å formidle alle dei flotte bøkene som finnast på nynorsk - det skriftspråket ungane på Hareid møter når dei byrjar på skulen. Det er viktig at både foreldre, biblioteket og skule - og barnehagetilsette her i kommunen har fokus på å nytte nynorske bøker i arbeidet med born, slik at borna vert tryggare på det språket dei sjølve skal skrive. På biblioteket kan du sjå og låne eit stort utval nynorske barne- og ungdomsbøker! 

Aktuelt

BLÅMANN, BLÅMANN BUKKEN MIN..

Onsdag 7. mars, kl. 12.30 er det dukketeater på biblioteket i samband med 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje. Folkeakademiet kjem med framsyninga "Blåmann, blåmann bukken min".

Frå 3 år. Gratis inngong.

 

LESESTUND MED SANITETEN

Laurdag 4.5, kl. 13.00, vil Torill Sellereite og Ingrid Stennes fra Hareid Sanitet lese for born på biblioteket.
 Alle ♥️leg velkomne.

LESESIRKEL - ONSDAG 22.5, KL. 18.00

Denne gongen skal vi snakke om "Leksikon om lys og mørke" av Simon Stranger.

Alle som ynskjer er hjartelig velkomne.

PressReader

Prøveperioda er utvida!

AVISER OG TIDSSKRIFT FRÅ ALLE VERDAS LAND.
Logg deg på appen PressReader når du er innom biblioteket og få gratis tilgang.

Biblioteket har fram til 10. oktober ei prøveperiode på appen der du kan lese tusenvis av aviser og tidsskrift direkte på din telefon eller nettbrett. Sjekk ut dette tilbodet!

Eventyrstund

Laurdag 25.1, kl. 12-12.30.

Velkomen til ei hyggeleg stund på biblioteket. Det vert høgtlesing av bøker for førskuleborn, med bilete på storskjerm.
Alle hjarteleg velkomne:)

Nesten normal drift

No kan du igjen få lese aviser og bruke pc'ar.

Opningstidene er slik fram til og med 26.6:  

Mandag 11-15  Tysdag 11-15

Onsdag 11-18  Torsdag 11-15

Fredag 11-15

Minner alle på at vi framleis tek smittefaren på alvor og ber om at besøkande nyttar framsett sprit og held avstand. 

Stengt i dag

Fredag 22. mai held biblioteket stengt.

Sommartid

Biblioteket vert ope i heile sommar, men med reduserte opningstider:)

Barnebokstund med Maria Parr

Laurdag 5. november, kl. 13.00, vert det barnebokstund med Maria Parr på biblioteket.

Passar best for 2. klasse og oppover. Arrangementet er gratis.

ALLE VELKOMNE!

Dette er i samarbeid med Hareid mållag. 

TRENG FRIVILLIGE LEKSEHJELPARAR!

I haust blir det leksesamling for foreldre og born kvar tysdag frå kl.14.15 - 15.45. Vaksne vil vere her å hjelpe borna og foreldra deira med leksene etter skuletid og hovudmålet er å kvalifisere foreldre til å hjelpe borna sine med leksene. Kunne du tenkje deg å vere frivillig leksehjelpar eller kjenner du nokon det kunne passe for? Ta kontakt med Hareid Frivilligsentral, Ressurssenteret eller biblioteket

Information in English

OPNINGSTID

Sommartid 27.6 - 16.8.20

Tysdag 11-15

Onsdag 11-18

Torsdag 11-15

Tlf.: 70 09 50 95 / 46 92 76 45

Epost: biblioteket@hareid.kommune.no

Besøksadr.: Strandgt. 66

Postadresse: Rådhusplassen 5,

6060 Hareid