
Karanteket
På karanteket.no har Nordland fylkesbibliotek og Meieriet bibliotek samla fleire nyttige digitale bibliotektenester.
Her finn du digitaliserte bøker for både born og vaksne, film, aviser og mykje meir.
For nokre av tenastene treng de lånekortnummer og pinkode. Kontakt biblioteket på biblioteket@heroy.

Digitalt nasjonalt lånekort
Nå kan de som ikkje har nasjonalt lånekort få det sjølv om biblioteket er stengt.
Med nasjonalt lånekort får de tilgang til fleire digitale tenester.
Meir informasjon og registrering her.

Lesekroken
På lesekroken.no finn du masser av eventyr og barnesanger. Du kan lese, lytte, løyse oppgåver og synge karaoke.
Logg deg inn med publikumspassord: herbib

Filmoteket
Likar du å sjå film? På Filmoteket kan du enkelt låne filmar med lånekortet. Dei har eit stort utval med noko for heile familien, om du likar nye filmar eller klassikarar kan du finne det på Filmoteket. Les meir her.

LÅNEKORT PÅ MOBILEN
- Skann QR-koda med mobilen, eller gå til www.mrbiblioteket/heroy og trykk "Logg inn"
- Legg nettsida du kjem til på startskjermen/heim-skjermen
- Logg inn med brukarnamn (lånenummer eller registrert epostadresse) og 4-sifra pinkode
- Få oversikt over låna dine.

Apestjernen

Jeg vil bare at det skal være oss

Det regnet fugler

Lokalsamlinga inneheld historisk og aktuelt materiale frå Herøy. Her finst m.a. bygdebøker, slektshistorie, biografiar, bøker/hefter om bedrifter, lag og foreiningar, årbøker frå sogelag, m.m. Meir om lokalsamlinga finn du her.
I MøreRom kan du søke etter artiklar om Herøy i sogelagsskrift frå heile fylket.