Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Bruk biblioteket > Biblioteket sine tenester

Biblioteket sine tenester

Samarbeid

Folkebiblioteket er eit gratis, offentleg tilbod for alle, som mange får bruk for før eller sidan. Frå 6 år kan du få lånekort.

Biblioteket kan hjelpe deg med litteratur til fritid, utdanning og arbeid. Gå gjerne inn på Om biblioteket for opningstider og anna informasjon.

For å få lånekort må du oppsøke eit bibliotek. Der vil du få eit lokalt eller eit nasjonalt lånekort. Det siste kan du bruke på alle bibliotek i alle kommuner i heile landet.

Herøy folkebibliotek har ein felleskatalog med Hareid, Sande og Ulstein bibliotek. Det betyr at du kan velje om du vil søkje og reservere titlar i ditt eige bibliotek, eit anna bibliotek eller alle biblioteka samstundes.

Dei titlane du ikkje finn hos oss, kan du reservere frå andre bibliotek i landet. Vi er med i ei nasjonal transportteneste som hentar og leverer bøker og anna materiell mellom biblioteka i heile landet, kvar tysdag og torsdag. Når reserverte boka er komt til biblioteket, sender vi sms melding til deg.

Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, og kan også fornye låna sjølv.

INNLEVERING av lånt materiale kan også gjerast i eiga bokkasse på Kiwi-butikken i Myrvåg! 

Har du behov for datamaskin og internett-tilgang, på biblioteket har vi trådlaust nett og 5 PCar til disposisjon for publikum.

På biblioteket finn du stoff i alle slags sjangrar og til alle aldersgrupper. Alt til kva behov og smak du har!

 

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  12:00-18:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  STENGT
Torsdag  11:00-15:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  STENGT

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg