Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Få lånekort

Lånekort

Lånekort får du på biblioteket. Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar. Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilete og personnummer. Barn må ha begynt på skulen (6 år) for å få eige kort. Barn under 15 år må ha underskrift frå en av sine føresette for å få Nasjonalt lånekort (sjå under).

  • Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne
  • Lånekortet er personleg. Det er ikkje lov å låne på andre sine lånekort utan samtykke.
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn låner
  • Føresette har ansvar for å rettleie barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og ta å vare på biblioteket sitt materiell
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane

Lokalt lånekort kan du bruke i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid folkebibliotek.

Nasjonalt lånekort kan du bruke i alle bibliotek i Noreg.

Mista/tapt kort. Det er gratis å få lånekort. Gi beskjed til biblioteket om du mister kortet, eller det blir stole. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort.

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  12:00-18:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  STENGT
Torsdag  11:00-15:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  STENGT

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg