Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Barn

Barn

Kom og besøk barneavdelinga på biblioteket!

Du finn mykje spennande her! Du kan blade i bøker, spele spel, låne bøker, lydbøker, filmar og dataspel. 

Vi har også faktabøker om mange emne, t.d. om kroppen, kjensler, religion, dyr, hobbybøker, sport og meir. 

Kort sagt, vi trur alle vil finne bøker dei liker.

INFORMASJON TIL FORELDRE:

  • Til dei minste har vi peikebøker i eigne bokkasser
  • Til førskulebarn har vi bildebøker, høgtlesingsbøker, lesestartbøker, lydbøker, DVD-ar og litt musikk
  • Til skulebarn  har vi seriebøker, spenningsbøker, lettlesbøker, bøker om vennskap og kjærleik, hestebøker, fotballbøker, fantasy, triste og morsomme bøker, tjukke og tynne bøker...
  • Dei eldste barna kan også finne passande bøker i ungdomsavdelinga.

Her finn du kjekke nettsider for barn:

  • http://tv.nrksuper.no/. Fjernsynskanal for barn. Her kan du sjå aktuelle program på nett-TV, spele spel, lese om og delta i ulike aktivitetar.
  • http://tunkatten.no/. Her finn du gode tips om bøker, forteljingar og songar. Du kan leike med ord, puslespel, kryssord og mykje anna.

 

Om det er ei bok, lydbok eller ein film vi ikkje har, kan vi som regel skaffe det til deg! Enten bestiller vi frå eit anna bibliotek, eller vi kjøper det sjølv. Vi tek gjerne imot tips til bøker, filmar og aktivitetar som du saknar! 

Treng du hjelp er det bare å spørje! 

 

 

 

 

 

 

 

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg