Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Bok til alle-bibliotek

Herøy folkebibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Ulike folk treng ulike bøker for at det skal vere lett å lese. Ingen skal vere utestengde frå gleda av å lese ei god bok.

Det finst bøker med enkel tekst, stor skrift, enkelt innhald, bøker med bilde og bøker med lyd. Du finn bøker med punktskrift, følebilder, symbolspråk og teiknspråk.

Desse bøkene står samla i eigne hyller. Du finn både skjønnlitteratur og faglitteratur. Vi kan hjelpe deg til å finne fram til det som passer - til dømes om du er uvant med å lese, har eit anna morsmål, dysleksi e.l.

Herøy folkebibliotek har også eit tilbod om leseombod som les høgt for dei som av ulike grunnar har mista leseevna.

 

Har du lesevanskar?

Vi har bøker som passar for deg. Du finn lettleste bøker både for barn, ungdom og vaksne.

Lettleste bøker for vaksne (her kjem ei lenke)

Enkel tekst

All tekst er meir eller mindre vanskeleg. Somme forfattarar har eit lettare tilgjengeleg språk enn andre. Av og til kan det enklaste vere det beste. Med enkel tekst står ikkje språket i vegen for innhaldet.

Enkelt innhald

Desse bøkene er både lette å lese og lette å forstå. Somme har ein del tekst, andre har mest bilde.

Punktskrift og følebilde

Desse bøkene er tilpassa menneske med synshemming. Best for deg som ser verda gjennom fingrane.

Du kan også bestille bøker frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB).

Bliss og piktogram

Ikkje alle trivst med vanlege bokstavar. Bliss og piktogram er to ulike symbolspråk som skriv ord i stadenfor bokstavar. Mange synest at symbolspråk er lettast å lese.

Teiknspråk og teikn til tale

For teiknspråkbrukarar fins det bøker med teiknspråk (bilder av teikn) i tillegg til tekst og bilde. Vi har ikkje mange bøker sjølv, men kan kjøpe eller låne inn frå andre.

Bevegelseshemma

Herøy folkebibliotek er tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Det er heis på huset, og tilrettelagde toalettet i kjellaretasje. 

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg