Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Kven er du? > New in Norway/Ny i Norge

New in Norway/Ny i Norge

Globus

For deg som er ny i Norge, kan det vere greitt å vite at biblioteket er opptatt av at du trivst her. Biblioteket er den tenesta som folk i lokalsamfunnet er mest fornøgd med i følgje ei forbrukarundersøking. Så du bør stikke innom!

 
Kva kan biblioteket hjelpe deg med?

Vi har bøker du kan låne for å lære deg norsk språk (nynorsk og bokmål).

Vi har ordbøker på nokre språk, til bruk på biblioteket.

Vi kan skaffe bøker (også barne- og ungdomsbøker) på DITT språk frå Det flerspråklige bibliotek i Oslo, som har bøker på ca 50 språk i samlingane sine. Du kan sjølv søke i og bestille frå katalogen Det flerspråklige bibliotek. Vi hjelper gjerne til med dette. Bøkene blir sendt til biblioteket vårt, og du hentar dei der.

Vi har lettleste bøker på norsk, og nokre kan du også høyre på samtidig (lydbøker).

Vi kan hjelpe deg til å finne ein del filmar på ditt språk.

Vi har 5 PCar som er kobla til skrivar (utskriftspris) og 5 nettbrett. Biblioteket har også trådlaust nettverk. Om du har med deg eiga maskin kan du bruke trådlaust internett. Det er gratis å bruke PC eller nettbrett/internett!

LEXIN - dei første nettbaserte ordbøkene som er laga spesielt for minoritetsspråklege i Noreg.

Ny i Norge - nettstad til deg som har flytta til Norge.

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg